Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Kristel Jæger Skorge ny direktør ved NMH

Kristel Jæger Skorge, foto KHiO.

Styret ved Norges musikkhøgskole har tilsett Kristel Jæger Skorge som ny direktør. Ho kjem frå stillinga som direktør for Kunsthøgskolen i Oslo.

– Vi ser fram til å få Kristel Jæger Skorge inn i toppleiargruppa på NMH, seier rektor Astrid Kvalbein. – All erfaringa ho har som leiar, frå universitets- og høgskolesektoren generelt og Kunsthøgskolen spesielt, vil kome til nytte her.  Kristel er dessutan ein hyggjeleg person med initiativ og stor arbeidskapasitet, som vi gler oss til å ha med inn i  utviklinga av ny strategi for NMH og andre spennande prosessar dei neste åra. Ikkje minst er vi trygge på at ho har den kompetansen vi treng hos ein direktør i den økonomisk utfordrande situasjonen vi er i, og kjem til å vere i dei neste åra, slår Kvalbein fast.

Kristel er dessutan ein svært hyggjeleg person med initiativ og stor arbeidskapasitet, som vi gler oss til å ha med inn i  utviklinga av ny strategi for NMH og andre spennande prosessar dei neste åra

Astrid Kvalbein rektor ved Musikkhøgskolen

– Vi er òg glade for å tilby både spennande kvardagar og ordna forhold her på NMH, mellom anna takka vere leiinga til avtroppande direktør Tove Blix, avsluttar Astrid Kvalbein.

– NMH har eit dyktig og nyskapande personale og rekrutterer svært talentfulle studentar både frå inn- og utland, seier Kristel Jæger Skorge. – NMH held høg kvalitet både i utdanninga, det kunstnariske utviklingsarbeidet og forskinga. Det er utruleg flott å få moglegheit til å vere med på å bidra i den vidare utviklinga av NMH, og eg gler meg til å ta fatt på jobben som direktør.

Kristel Jæger Skorge

Kristel Jæger Skorge er utdanna cand.philol. og dr.art. ved Universitetet i Bergen. Ho har også gjennomført Master of Public Administration med spesialisering i strategisk leiing ved Copenhagen Business School. Skorge har brei erfaring frå universitets- og høgskolesektoren og har mellom anna arbeidd som stipendiat og prosjektmedarbeider ved Senter for europeiske kulturstudium ved Universitetet i Bergen, FoU-leiar og underdirektør ved Universitetet i Stavanger og førsteamanuensis og instituttleiar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (nå OsloMet), som leiar av FOU i NAV og direktør for forskings- og innovasjonsadministrasjon ved Universitetet i Oslo.

Dei siste åra har Skorge jobba som direktør ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), og etter at KHiO gjekk bort frå todelt leiing, kjem Kristel Jæger Skorge no til Norges musikkhøgskole. Ho tiltrer 1. mai 2023.

Artikler relevante