Slagverkløftet er eit nytt prosjekt som jobbar for eit reelt tilbod til unge musikarar opp til 25 år, som ønsker å fordjupe seg i slagverk. Prosjektet er eit samarbeid mellom slagverksmiljøet på Norges musikkhøgskole, Musikk på Majorstua, Barratt Due og SISU slagverksensemble. No har prosjektet mottatt heile to millionar frå Sparebankstiftelsen DNB, og arbeidet kan begynne for fullt.
To millionar til Slagverkløftet
Slagverkløftet, under leiing av førsteamanuensis Kjell Tore Innervik, har mottatt ein kjempesum frå Sparebankstiftelsen DNB. Vi gratulerer!
Utvidar parken
Sparebankstiftelsen jobbar for tiltak i barn og unge sitt nærmiljø – og akkurat det treffer spikaren på hovudet i eit prosjekt som kjem så mange til gode. Støtta skal mellom anna gå til nasjonale samlingar for deltakarar i tre aldersgrupper, der dei yngste berre er ti år. På mellomnivå finn vi elevar på vidaregåande skular, og øvst musikkstudentar frå 19 til 28 år.
– Vår ambisjon er å lage eit tilbod, ikkje berre i Oslo og regionen rundt, men ein plattform der interesserte frå heile landet kan delta
Slagverkløftet
I tillegg skal støtta bli brukt til å byggje opp ein instrumentpark tilgjengeleg for store delar av Oslo-regionen. Innervik er sjølv hovudlærar i slagverk for talentutviklingsprogrammet (TUP) på Musikkhøgskolen, og trur på verdien av stimuli gjennom å få spele saman med andre på eit høgt nivå, og ikkje minst møte likesinna på gode instrument.
– Vi har i løpet av dei siste fem åra byggja ein base av unge som er interesserte, gjennom TUP og Musikk på Majorstua, seier han.
Nasjonale ambisjonar
Innervik seier han er svært glad for moglegheita til å fortsetje arbeidet med å løfte fram sitt instrument og feltet sitt. Og det stansar ikkje her.
– Vår ambisjon er å lage eit tilbod, ikkje berre i Oslo og regionen rundt, men ein plattform der interesserte frå heile landet kan delta, fortel slagverkaren.