Klassisk slagverk står sentralt i miljøet, men lærarane har spisskompetanse på ei rekke felt utover dette. Etter ei grundig og generell opplæring i melodisk slagverk, skarptromme og orkesterinstrument og paukar, bestemmer studentane i stor grad sjølv kva dei vil satse på vidare, anten det er symfonisk orkesterspel, kammermusikk, improvisert musikk, jazz, samtidsmusikk eller anna.
Slagverk omfattar eit nærast uendeleg antal instrument, og Musikkhøgskolens eige instrumentsamling er i særklasse, både kva storleik og kvalitet angår. Studentane har full tilgong på instrument og øverom.
Meisterklasser og workshops
Leiande solistar og orkestermusikarar kjem jamnleg for å gi meisterklasser og innblikk i den internasjonale musikkverda. I tillegg tilbyr vi workshops med annan ekspertise, mellom anna alexanderteknikk.
Musikkliv i endring
Slagverkmiljøet er ope for nye krav frå eit musikkliv i endring. I tillegg til instrumentalferdigheiter på eit høgt nivå, kan ein profesjonell karriere i dag vere avhengig av å vere i stand til å skape sin eigen arbeidsplass. Uansett framtidige arbeidsoppgåver, treng utøvarane eit stort og variert repertoar og evne til å kunne skifte mellom ulike stilepoker, frå barokk til samtidsmusikk.
Nye undervisningsformer og metodar blir testa ut i tillegg til tradisjonell undervisning. Individuell undervisning på hovudinstrument blir supplert med klassetimer, der utøvarane får tilbakemelding frå medstudentar og lærarar.
Samarbeid med orkester
NMH samarbeider med dei profesjonelle orkestra i byen, der studentane får høve til å søke praksisplass.
Ensemble og samspel
Musikkhøgskolen har en fleire ensemble studentane kan spele i. Blant samspelaktvitetar tilbyr NMH symfoniorkester, korps, sinfonietta, NMH Blåseakademiet, NMH Chamber Brass, samt kammermusikk i mindre format med meir. Det prisvinnande korpset Christiania Blåseensemble turnerer og deltek i konkurransar nasjonalt og internasjonalt.
NMHs slagverkensemble har gitt opphav for fleire slagverkensemble som sidan har fått stor suksess utenfor NMH.
Utveksling og internasjonalt nettverk
Musikkhøgskolen har utvekslingsavtalar med europeiske musikkhøgskolar, for studentar som ønsker å gjennomføre delar av studia i utlandet. Slagverksmiljøet på NMH er ein del av internasjonale nettverk for slagverk.