Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Tze til topps i Fribourg

Tze Yeung Ho står i mørket og ser inni kameraet. Lys på øverste del av fjeset.

Komponist og NMH-alumn Tze Yeung Ho vann førstepris i den 14. utgåva av Fribourg komposisjonskonkurranse (FIMS), for verket «vihik (g)».

Tze Yeung Ho (1992–) fullførte sin mastergrad i komposisjon på Musikkhøgskolen i 2017. Han er for tida busett i Helsinki, der han mellom anna har vore utvekslingsstudent. Han har også ein doktorgrad frå det estiske musikkakademiet i Tallinn.

Haydn på fire språk

Verket «vinhik (g)» bruker fraser frå dei finske, estiske, norske og svenske omsetjingane av Bibelen som prosodisk struktur i melodikk og rytmikk, og går i dialog med Haydn-kvartetten «The Seven Last Words of Christ on the Cross»

– Ein ny og spennande dimensjon til dei siste akkordane i referanseverket.

FIMS-juryen Omsetjing: NMH

– Ein ny og spennande dimensjon til dei siste akkordane i referanseverket, der kvar sats i «vihik (g)» startar utviklinga si, heiter det i grunngjevinga til juryen.

Musikk møter språklydar

Komponisten er beæra og svært lukkeleg over å ha vunne førsteplassen.

– Prisen har gitt meg motivasjon for å fortsetje med mitt kunstnarlege arbeid i møtepunktet mellom ny musikk og språklydar, noko eg har forska på sidan studietida på Musikkhøgskolen, seier Ho, og leggjer til at han gler seg stort til å høyre urframføringa.

Vinnarverket blir framført av den sveitsiske strykekvartetten Sine Nomine og akkordeonisten Teodoro Anzellotti den 6. juli, på den internasjonale kyrkjemusikkfestivalen i Fribourg.

Artikler relevante