Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Kva gjer du no, Simon Arlasjö?

På masterstudiet lærte kordirigent og kyrkjemusikar Simon Arlasjö kor viktig det er å utvikle sin eigen identitet som musikar og kunstnar – og stå for han.

Følg med på masterstafetten framover! Her blir du kjent med tidlegare masterstudentar frå NMH, prosjekta deira og kor dei jobbar i dag.

Sjå også Stipendiatstafetten.

Når studerte du, og på kva for eit studium?

Eg var student på NMH 2020–2024, først ved Masterstudiet i kordirigering der eg tok eksamen i 2022. Deretter gjennomførte eg vidareutdanninga kyrkjemusikar II.

Fortel litt om masterprosjektet ditt.

Mitt masterprosjekt bestod av to ulike konsertar. Den første var saman med vokalensemblet mitt i Margaretakyrkan, der vi framførte J. S. Bachs Johannespasjon med berre ni songarar og enkeltsett orkester. Det var første gong eg fekk framføre eit kyrkjemusikalsk verk med berre profesjonelle utøvarar og med eit mindre ensemble enn som oftast i dag. Det gjorde det mogleg å utforske musikken på meir kammermusikalsk vis. Den andre konserten var saman med Det Norske Solistkor med hovudsakleg seinare a cappella-repertoar, som blei avslutta med Poulencs «Liberté» frå Figure Humaine.

Kvifor valde du å ta ein mastergrad?

Eg visste at eg ville ta ein master i dirigering, og hadde høyrt mykje godt om Masterstudiet i kordirigering ved NMH. Det handla om nivået på repertoar og øvingsensemble, og ikkje minst å få studere med Grete Pedersen.

Kor gjekk vegen etter fullført master?

Eg var altså igjen på NMH på deltid for å studere kyrkjemusikk. Utover det fortsette eg å arbeide i Margaretakyrkan som dirigent og kyrkjemusikar der eg framleis er i dag, samt som frilansande dirigent for eksempelvis Ensemble 96 og Det norske damekor.

Nytt alle moglegheiter til utvikling og spennande prosjekt, og gløym samtidig ikkje å finne pusterom og ta pauser.

Simon Arlasjö, tidlegare masterstudent på kordirigering

Kva gjer du nå, og kva har du gjort i mellomtida?

Sidan hausten 2025 har eg undervist i kordirigering ved Högskolan för scen och musik i Göteborg, der eg også leiar kammerkoret. Utover det og Margaretakyrkan har eg kommande oppdrag for eksempelvis Musikkonservatoriet Falun og Radiokören samt engasjement som kursinstruktør på dirigentkurs.

Kva er det viktigaste du har lært av å ta ein mastergrad?

Kor viktig det er å både utvikle seg og alltid lære seg meir om musikken, historia og handverket samt å utvikle sin eigen identitet som musikar og kunstnar – og stå for han.

Kva ville du sagt til deg sjølv som søkar på eit masterstudium?

Nytt alle moglegheiter til utvikling og spennande prosjekt, og gløym samtidig ikkje å finne pusterom og ta pauser.

Kva for karriereråd vil du gi til dei som er masterstudentar no, eller vurderer å søke?

Om du har moglegheit – jobb passeleg mykje ved sidan av studia, så du kan dra nytte av alle ressursar og kontaktnettet som finst på Musikkhogskolen.

Artikler relevante