Sluttspel er rekka med folkemusikkstudentane sine eksamenskonsertar på Noregs musikkhøgskole. Du kan vente deg ei rekke varierte konsertar med ulike band, instrument, uttrykk og tradisjonar.
I år får du høyre andreårseksamen med Anna Russnes (song), Åsmund A. Farstad (fele/hardingfele) og Runa Kvalsund (song), samt fjerdeårseksamen med Trygve Liahagen (fele), Sigyn Sjølie Sandgren (song) og mastereksamen med Kenneth Lien (munnharpe) og Mikael Hedne (song).
Hjarteleg velkomne!
Program
Fredag 7. juni i Levinsalen
- Kl. 15:00: Anna Russnes (folkesong)
- Kl. 16:15: Sigyn Sjølie Sandegren (folkesong)
- Kl. 18:00: Mikael Ringstad Hedne (folkesong)