Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Runa Kvalsund (folkesong)

Folkesongar Runa Kvalsund held eksamenskonsert.

Sara Olivia Sanderud

Runa kjem frå Trondheim og arbeider med tradisjonsmateriale frå Sør-Trøndelag og Nordmøre med ulike tilnærmingar. Det vil vi også få sjå under denne eksamenskonserten, der ho gjennom arkivopptak prøver å kome tett innpå kjeldene samstundes som ho leikar med materialet i meir utradisjonelle former – i samspel, eigne arrangement, og med sjølvskrivne og improviserte element. Leik og alvor set begge sit preg på programmet, som vil utforske kva som har verdi og på kva måtar. Med seg har ho fem vokalistar og eit band som også representerer ulike inngangar til musikken.

Medverkande

  • Runa Kvalsund, Irena Marcetic, Mattias Vidme Crantz, Julie Martine Vestrheim (vokal)
  • Martin Steinum Brun, Une Lorentze Onarheim (vokal, dans)
  • Ragnhild Nelvik Bruseth (gitar, bass, lap steel)
  • Erlend Haseth (gitar)
  • Frank Hannasvik (trommer)

Sjå heile festivalprogrammet

Publisert: 23. apr. 2024 — Oppdatert: 23. apr. 2024