Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Forsking ved Musikkhøgskolen

Som både kunstnarisk og vitskapeleg institusjon har Musikkhøgskolen ansvar for å utføre kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking og fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid på høgt nivå.

Menneske og samfunn

Norges musikkhøgskole satsar på forsking og utviklingsarbeid som har betydning for menneske og samfunn. Våre forskarar og fagfolk leiar utviklinga innanfor musikkutdanning, musikkterapi og utøvande musikk. Desse områda omfattar eit breitt spekter av spesialiseringar, og Musikkhøgskolen driftar over 100 forskings- og utviklingsprosjekt som skapar ny kunnskap og innovasjon i ei rekke faggreiner – frå musikkvitskap, historie og musikkteknologi, til helse og øving, etikk, filosofi og teknologi.

Resultat

Vi er opptekne av resultatutveksling og tverrfagleg samarbeid. Forskerteam samansett av professorar, post-doktorar, ph.d.-stipendiatar og fagekspertar byggjer nettverk som fremjar fagleg utveksling og dialog med andre aktørar i Noreg og internasjonalt.

Kunnskapsbasert undervisning

All undervisning ved Norges musikkhøgskole er kunnskapsbasert. Koplinga mellom forskingsmiljø og undervisningsverksemd gjer at våre studentar til ei kvar tid får undervisning som både er framtidsretta og forankra i vår lange erfaring og tradisjon.

Prosjekt og senter

Publisert: 19. mar. 2020 — Oppdatert: 20. feb. 2024