Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ensembleprosjekt ved jazzlinja på NTNU

En saksofonist, en el-gitarist og en vokalist spiller sammen på en scene.

I dette prosjektet, støttet av CEMPEs innovasjonsmidler, skal Ølnes undersøke og implementere ulike metoder utviklet gjennom postdoktorprosjektet hans i ensembleundervisningen ved jazzlinja på NTNU.

Jazzlinja ved NTNU har sidan starten i 1979 vore ein leiande utdanningsinstitusjon for norske jazzmusikarar og ein pådrivar for metodearbeid innan improvisasjonsfaget, særleg gjennom det som seinare har blitt kalla jazzlinjemetoden eller plankemetoden.

I Ølnes sitt forskingsarbeid, Det kollektive minnet [2017-2019], har han undersøkt metodar for å undervise i ensemblefaget, med utgangspunkt i plankemetoden der målet har vore å utvide og utvikle gehøret. Forskinga er inspirert av ei fenomenologisk tenkning om å rette lyttinga si mot noko, også kalla lytteintensjon (Schaeffer, 1966; Thoresen, 2015). Korleis ein lyttar og kor ein rettar lytteintensjonen, avgjer kva ein høyrer. Metodane har derfor som mål å rette studentens lytteintensjon mot spesifikke område ved musikken og gje oppgåver knytt til desse, og dermed å bevisstgjere studenten kva denne høyrer og korleis hen høyrer det.

Alt dette er ei vidareføring av eksisterande arbeid studenten gjer, men innslaget av bevisstgjering og refleksjon rundt eige arbeid vil vere større her: Korleis blir eg oppfatta i samspelet av medspelarane? Korleis ønsker eg å bli oppfatta? Kva gjer eg vanlegvis i samspelet? Kva for moglegheiter ligg der for meg i samspelet? Konsentrasjonen er knytt til å høyre meir og kunne konkretisere kva ein høyrer, for å utvide og utvikle ferdigheiter både på instrumentet og i det improviserte samspelet.

Ensemblefaget er spesielt godt egna til å binde saman undervisninga i hovudinstrument og gehør, då dette faget gjer studenten ein moglegheit til å sette desse ferdigheitene inn i ei ramme for samspel, inn i ein musikalsk kontekst. Gjennom å bli utfordra i den konkrete samspelsituasjonen får studenten innsikt i sine eigne styrker og utfordringar, og kan gå informert tilbake til instrumentalundervisninga eller øvingsrommet med konkrete arbeidsoppgåver.

Rapport

Publisert: 20. aug. 2019 — Oppdatert: 15. feb. 2024