Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Frå små teikn til sto­re for­mer

Forsiden til "Frå små teikn til store former. Analysar av det improviserte samspelet med hjelp av auditiv sonologi" av Njål Ølnes.

Analysar av det improviserte samspelet med hjelp av auditiv sonologi

I studien tek Njål Ølnes føre seg friimprovisert samspel i eit etablert band, den norske jazzkvartetten BMX. Ølnes er sjølv er saksofonist i BMX. Det empiriske materialet er opptak av levande spelt musikk med dette bandet. Gjennom ulike metodar, som auditiv sonologi (analysar av musikk-som-høyrt) og stimulated recall (dei medverkande musikarane vert bede om å sjå, lytte og kommentere på lyd- og videoopptak frå spelesituasjonen) har Ølnes undersøkt samanhengen mellom dei små teikna som vert gitt undervegs og dei følgjene dette får for formdanninga i musikken.

Les meir om prosjektet på NMH sine prosjektsider.

Avhandlinga er tilgjengeleg som interaktiv pdf og som e-bok.

Den interaktive PDF-en inneheld tekst, lydfiler og avspelbare audiovisuelle figurar. Den er svært stor (358 MB) og egner seg for PC eller Mac, med avspeling i Adobe Reader. Last ned PDF-en fra NMH-Brage.

E-bok finnast i to versjonar, ein med mediefiler (ca. 170 MB) og ein utan (ca. 2,4 MB). Med ein iPad kan du med appen iBooks lese kva for ein du vil av disse, men det er litt tyngre å navigere i den store fila. Last ned stor e-bok.

Om du har eit nettbrett med Android operativsystem, må du laste ned den minste e-bokversjonen. Da anbefaler vi at du bruker appen Play Bøker. Du kan og lese avhandlinga på ein smarttelefon med Play. Last ned e-bok utan lyd og video. Du kan og velgje Brage-versjonen.

  • NMH-publikasjoner 2016:01.

Publikasjoner relevante

Publisert: 6. apr. 2016 — Oppdatert: 15. mar. 2024