Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Knots of Knowing-in-Play­ing. Sto­ries From Vio­lin Les­sons Read Dif­frac­tive­ly Through Agen­ti­al Rea­lism

I denne avhandlinga utforskar Mari Ystanes Fjeldstad korleis fiolintimar utspeler seg og kva som vert skapt i timane ved å fortelje historier frå tre fiolinlærarar si undervisning.

Om avhandlinga

Kva går føre seg på speletimar kulturskolen? For å finne svar på dette, har forskarar intervjua kulturskolelærar og -leiarar, og dei har analysert rammeplanen for kulturskolen og andre styringsdokument. Men kva med musikken? Elevane? Og alle dei uventa hendingane som oppstår når barn speler musikk?

I denne avhandlinga utforskar Mari Ystanes Fjeldstad korleis fiolintimar utspeler seg og kva som vert skapt i timane ved å fortelje historier frå tre fiolinlærarar si undervisning. I historiene dukkar elevane opp utan fiolinar, edderkoppar og klistremerke gjer at timane tar uventa vendingar, og i eit hjørne sit fiolinprofessorar frå fortida og følgjer med. Historiene fortel også om korleis fiolintimane vart forandra da pandemien gjorde dei digitale, og om korleis lærarar og elevar takla denne utfordrande situasjonen.

Gjennom å lese historiene gjennom feministisk nymaterialistisk og posthumanistisk teori, utviklar Fjeldstad fire konsept. Desse er nyttige for forskarar som vil skape ei breiare forståing av musikkpedagogiske praksisar. Avhandlinga utviklar også kunnskap om korleis ulike studentar får ulike moglegheiter og korleis desse er knytt til dei sosiale kategoriane rase, kjønn og klasse. Avhandlinga er eit eksempel på korleis feministisk nymaterialistisk og posthumanistisk teori kan brukast innanfor musikkpedagogisk forsking og korleis desse teoriane kan bidra til ein meir rettferdig musikkutdanning.

Om Fjeldstad

Mari Ystanes Fjeldstad (f. 1982) er fiolinlærar, musikklærar, og musikkpedagogisk forskar.

Publikasjoner relevante

Publisert: 3. aug. 2023 — Oppdatert: 20. feb. 2024