Samandrag
Denne feministiske ny-materielle og posthumanistiske studien utforskar praksisen i norske kulturskolar gjennom intervju med tre fiolinlærarar og observasjon av undervisninga deira. Det finnes forsking som undersøker diskursane i rammeplanen til kulturskolen. Der er også studiar som undersøker synspunkta til lærarar og leiarar gjennom intervju og spørjeskjema. Denne studien utfyller desse og bidrar til ei breiare forståing av praksisen i kulturskolen gjennom å også undersøke det uventa og materielle, til dømes klistremerke som fell av fiolinar, edderkoppar som forstyrrar undervisninga, og elevar som kjem for seint og utan å ha med seg fiolinen. Utgangspunktet for studien er ei interesse for korleis fiolintimar speler seg ut og for kva som vert skapt gjennom dei.