Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Caesium. Fløyte. Piano

Kollasj av Catalina Popa-Mörck og Katherine Hsu.

Livet etter døden – ei endelaus kjelde til undring, mysterium, inspirasjon, nyfikne og frykt, heilt frå tidenes morgon.

Kangxuanjin, Olof Mörck

Program

Odă cesiului și celor de pe urmă – ei framsyning basert på eit dikt av Ioana Vintilă

Medverkande

  • Catalina Popa-Mörck (fløyte, vokal)
  • Katherine Hsu (piano)

Omtale

Konserten er basert på diktet «Odă cesiului și celor de pe urmă» (Ode til caesium og dei frå det hinsides) av den rumenske poeten Ioana Vintilă, og utforskar dei ulike sidene av døden som meir enn ein slutt. Kanskje ein også kan sjå på han som ein ny begynning og ein måte å foreine seg med forfedrane sine og oppnå uendeleg kunnskap og fred på, gjennom forskjellige kunstnarlege uttrykk.

Komposisjonen er i grenselandet mellom eksperimentell musikk, tradisjonell komposisjonsteknikk og improvisasjon, der instrumenta og musikarene nærmar seg verkelege og imaginære grenser, på leiting etter ei djupare meining i materialet.

Sjølv om temaet kan verke morbid, er framsyninga eigentlig ei feiring av livet og den grenselause skjønnheita i det.

Fleire konsertar

Publisert: 7. nov. 2022 — Oppdatert: 7. nov. 2022