Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Den mekaniske prepareringa i møte med det mikrotonale klaveret

Sanae Yoshida sitter foran klaveret med grønne planter i bakgrunnen.

Komponist Jo David Meyer Lysne og pianist Sanae Yoshida samarbeider om mikrotonalitet på denne konserten.

Tomoko Fukushi Shuko Katami, Asako Sakiyama

I det kunstnarlege stipendiatprosjektet «Det mikrotonale klaver» utforskar SanaeYoshida ulike måtar å framkalle mikronalitet på, gjennom eit akustisk klaver, både ved omstemming, prepareringar og anna. I verket har komponisten undersøkt pianoet som klangkammer, og forsøkt å hente ut ulike nyansar i det rike overtonespelet i instrumentet. Det er tatt utgangspunkt i ulike rørslemønster som Sanae arbeider med i den kunstnarlege praksisen sin, som omfattar utvida teknikkar der ho speler inni pianoet og direkte på strengane. Ein del av rørslemønstra hennar er omsette til motoriserte og mekaniske instrument, som til saman dannar ein organisme av stadig skiftande prepareringar. Denne rørlege og fleksible prepareringa vil tilgjengeleggjere fleire lag av teksturar og musikalske rørsler parallelt, og leggje opp til eit musikalsk fortetta og klangleg rikt soloverk for klaver.

Medverkande

  • Sanae Yoshida (mikrotonalt klaver)
  • Jo David Meyer Lysne (komponist)
Sanae Yoshida med hånden inni et flygel og blomster rundt

Det mikrotonale klaver

I stipendiatprosjektet sitt jobbar samtidspianisten Sanae Yoshida med fenomenet mikrotonalitet på klaver.

Les meir om prosjektet

Fleire konsertar

Publisert: 14. jun. 2022 — Oppdatert: 27. sep. 2022