Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Det orkestrale klaveret, del 1

Portrett av Kristian Lindberg

Kristian Lindberg presenterer resultatet av stipendiatprosjektet sitt «Det orkestrale klaveret» i ein konsert i to delar.

David Engmo

Kristian Lindberg har utforska klaverspel gjennom å imitere symfoniorkesteret, noko som kan kallast ein orkestral spelestil eller å spele orkestralt. Ein viktig del av prosjektet har òg vore kva pianisten kan lære av å studere andre instrumentfag, og korleis ein kan overføre det til klaveret. Lindberg vil dele nokre refleksjonar frå arbeidsprosessen, i tillegg til å formidle grunntrekka i forskingsprosjektet.

Program

  • Johann Sebastian Bach (1685–1750): Konsert i D-dur (etter Vivaldi)
  • J. S. Bach: Italiensk konsert i F-dur
  • Igor Stravinskij (1882–1971): Serenade i A-dur
  • I. Stravinskij: Tre satsar frå Petrusjka

Publisert: 22. jul. 2020 — Oppdatert: 24. jul. 2020