Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2021

-
Kvinnelig deltaker fra Dronning Sonja Internasjonale musikkonkurranse synger i grønn kjole.

Vi er stolte av å presentere tolv songarar frå åtte nasjonar. Følg live-straumen direkte frå Lindemansalen – eller på konkurransen sin YouTube-kanal.

Magnus Lindvik, Adrian Nielsen, Marius Nyheim Kristoffersen

For å imøtekome reiserestriksjonane i Noreg og andre delar av verda, avheld vi årets semifinale digitalt. Tolv strålande songarar frå åtte nasjonar framfører operaariar og liedar saman med eigen pianist. Songarane oppheld seg i lokalar dei sjølv har valt, spreidde rundt i verda innan seks tidssonar.

I ei meir normal verd skulle semifinalen ha vore avhalden i Lindemansalen ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Sidan det ikkje lar seg gjere, kompenserer vi med å invitere publikum til Lindemansalen, der vi viser direktesendinga av semifinalen på storskjerm. Under pausane og etter songarane sine framføringar inviterer vi ulike representantar frå bransjen til å delta i panelsamtalar om musikk og opera.

Vi ønsker alle hjarteleg velkommen til å følge den direktesende, digitale semifinalen i årets konkurranse, frå Lindemansalen eller der du er. Songaranes framføringar skjer mellom kl. 15.00 og 20.00. Direktesendinga av framføringane og paneldiskusjonane blir strøymde direkte til konkurransen sin YouTube-kanal.

Ein internasjonal jury vel seks songarar som går vidare til finalekonserten i Bergen 20. november.

Annonsering av finalistane skjer ca. kl. 21.00.

Omtale

Live-straum

Du kan strøyme konserten direkte på YouTube-kanalen til Dronning Sonjas internasjonale musikkonkurranse.

Strøym konserten direkte her.

Publisert: 23. sep. 2021 — Oppdatert: 23. okt. 2021