Den danske komponisten Simon Løffler trekkjer komposisjonskunsten i ei dyrisk retning. Han anvender dyr sin signaliserande og rituelle åtferd i ein menneskeleg performance-samanheng, for å utvide moglegheitane for korleis ein kan bruke kroppen til å lage musikk.
Grensene mellom instrument og det kroppslege, spontanitet og komposisjon, ritual og konsertform, blir her vovne inn i kvarandre. Dyrerøyster finn nye vegar inn mellom oss og blir ein del av kunsten vår. Prosjektet er utvikla over tre år i tett samarbeid mellom komponist og dei medverkande.
Komponist Simon Løffler er stipendiat på ph.d.-programmet for kunstnarleg utvikling. Konserten er i samarbeid med Munchmuseet og Ultimafestivalen, og blir sett opp fire gongar denne dagen.
Konserttider
- Kl. 13:00
- Kl. 15:00
- Kl. 17:00
- Kl. 19:00 (ekstrakonsert!)
Program
Simon Løffler: Becoming Animal (2022, urframføring):
- Animalia III.a
- Animalia II.a
- Animalia III.b
- Animalia II.b
- Animalia IV.a
- Animalia I
- Animalia III.c
- Animalia IV.b
Medverkande
- Simon Løffler (dyrevesen med venger)
- Ane Marthe Sørlien Holen (elefantaugevipper og rev)
- Ellen Ugelvik (sommarfuglvenger)
- Jennifer Torrence (nebb og sommarfuglvenger)
- Inga Margrete Aas (nebb og dyrevesen)
Kostyme
- Elisabeth Holager Lund (krinolinar)
- Guoste Tamulynaite (hovudmasker)
Instrument
- Simon Løffler