Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Filmmusikk for minnet

Karl Erik Horndalsveen spiller kontrabass på RÅ

Karl Erik Horndalsveen presenterer resulatet av sitt eiget prosjekt, der han har tonesatt gamle familievideoar.

Karina Krokaa

Medverkande

  • Torstein Slåen (gitar/baryton-gitar)
  • Lauritz Skeidsvoll (saksofoner)
  • Ola Øverby (trommer)
  • Karl Erik Horndalsveen (kontrabass)
  • Larissa Tereščenko (fiolin)
  • Ellie Mäkelä (bratsj)
  • Jacob Beranek Hvattum (Cello)
  • Leo Sundström (Piano/Synth)

Omtale

– Eit av minna frå barndommen er ein farfar som var over gjennomsnittet ivrig med eit JVC videokamera. For nokre år sidan konverterte faren min alle dei gamle videoane over til digitalt format som han gav til oss barna til jul. Då eg så opptaka igjen som vaksen, opplevde eg ein straum av gode minne frå barndommen med hytteferie og tid med besteforeldre. Trass for mye filming, var farfaren min ein amatørkameramann med ganske alternativ kamerateknikk og trong til å filme alt han kom over. Ein skulle tro at dette var ei dårlig oppskrift for å lage film, men derimot opplever eg at mange av videoane har fått tilført ei spennande abstraktheit og kunstnerisk dimensjon. I tillegg har eg den siste tida hatt ei økande interesse for filmmusikk, og effekten og rolla filmmusikken speler som formidlar av kjensler og stemninger i ein film. Derfor har eg bestemt meg for å gjennomføre dette eksperimentet, der eg saman med fotograf Jan Tore Eriksen skal arbeide med og tonesette farfars gamle familievideoar, og sette det saman til ei framvising på storskjerm med live musikk.

Karl Erik Horndalsveen

Publisert: 26. jul. 2020 — Oppdatert: 26. jul. 2020