Konserten skjer i forlenging av NordART Reseach Dialogues-seminaret dagen før (ansatt.nmh.no).
Dette prosjektet er realiseringa av Theresa Coffey sitt doktorgradsarbeid om musikk-kuratering og kunstnarleg identitet. Ho utforskar skapinga av ei kunstnarleg verd med rom, klang, lys, og musikk.
Ei stilisering av dei norske omgreipa flytte og flytande, med mål om å stille saman rørsle, endring og uvisse, med komfort, lettheit og meistring. Inspirert av rotlausheita, endringa og fornyinga som følgjer etter å forlate ein heim, utforskar førestillinga nye territorium av kroppsleg rørsle og fysiske materiale saman med musikk for trompet, elektronikk, synthesizer og trombone. Ho spør: «Kva betyr det å forandre, lære og vekse i et nytt forhold til verda, gjennom musikk?»
Rundt tre gjennom-komponerte stykke, har Theresa Coffey skapt eit preludium, interludium og postludium som bruker både naturlege og digitalmanipulerte feltopptak, fanga i tidlegare heimtrakter, ei voggevise spelt inn av mor, fragment av folkesong om å vere på villspor, samt innspelte improvisasjonar. Ho speler både trompet og synthesizer som ein musikalsk måte å skifte språk på, og utforske å vere i rørsle med kropp.
Program
- Theresa Coffey (1990-): Preludium
- T. Coffey: Improvisasjon etter «Poor Wayfaring Stranger»
- Meg Bowles (1957–): Shapeshifter
- T. Coffey: Interludium med rørsle
- Alice Humphries: Come Out Closer
- Olga Neuwirth (1968-): Addio... sognando
- T. Coffey: Postludium etter «You Are My Sunshine»
Medverkande
- Jakob Florea Nøstvik (trombone)
- Rebecca Coffey (innspelt vokal)
- Anders Svinndal og Mike McCormick (lydteknikar)
- Gunnvà Meinseth (lysteknikar)
- Maja Hannisdal (videograf)
- Solveig Skår (produsent)