Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

NMH sinfonietta

Kollasj av medvirkende til sinfoniettakonsert: Nordic Trombone Quartet, Magnus Loddgard, Torbjørn Haaland og Ida Grande Kaurin.

Musikkhøgskolens sinfonietta speler ny musikk av studentane Ida Grande Kaurin og Torbjørn Haaland, og fleire.

Victor Enander, Ingeborg Løvlie, Claudia Greco, Regine Dalen Birkeland og Marte Gundersen

Program

  • Ida Grande Kaurin: F I V E T H O U S A N D S H E E P (urframføring)
  • Torbjørn Haaland: Aug;-rom (urframføring)
  • Martin Ødegaard: Woke, med Nordic Trombone Quartet (urframføring)
Pause
  • Liza Lim (1966–): Songs Found in Dream
  • Herman Vogt (1976–): Wenn alle Länder wüst lagen

Medverkande

  • Magnus Loddgard (dirigent)
  • Musikkhøgskolens sinfonietta

Nordic Trombone Quartet

  • Jón Arnar Einarsson
  • Runa Eid Hermansen
  • Jakob Nilsson
  • William Raagart

Omtale

Magnus Loddgard

Magnus Loddgard er ein allsidig musikar som har merka seg både som dirigent, pianist og komponist innanfor mange sjangrar. Han studerte klassisk piano og orkesterdirigering ved Noregs musikkhøgskole og Universität der Künste i Berlin. Etter studia starta han som repetitør og assistentdirigent ved Den Norske Opera på Youngstorget, og gjorde sin debut som operadirigent med La Bohéme og Kristiansand Symfoniorkester, og Opera Sør få år seinare. På Den Norske Opera har han dirigert Brittens Rape of Lucretia, Verdis Macbeth og Mozarts Tryllefløyta, og han har leia talrike produksjonar ved regionsoperaene rundt om i Noreg. På Komische Oper Berlin har Loddgard dirigert framsyningar av Bernsteins West Side Story og Candide, og Menottis Amahl and the Night Visitors med Theater an der Wien og Wiener Symphoniker. Loddgard har både som pianist og dirigent gjort mykje ny musikk, og urframført mange verk. Han var med å stifte samtidsmusikkgruppa ensemble neoN i Oslo, og dei mottok Spellemannsprisen for dei to første platene dei gav ut. Han dirigerer jamleg det anerkjende Ensemble Mosaik i Berlin, der han er busett.

Nordic Trombone Quartet

Som eit profesjonelt ensemble basert i Oslo, Noreg, har The Nordic Trombone Quartet alt sett sitt preg på den internasjonale og nordiske musikkscenen som eit framadstormande og unikt ensemble. Dei starta som eit studentensemble ved Noregs musikkhøgskole og innså raskt deira potensiale etter å ha vunne delt førsteplass i den internasjonale konkurransen for trombonekvartettar i 2020, arrangert av International Trombone Association (ITA). For tida studerer dei til ein mastergrad i kammermusikk ved Noregs musikkhøgskole og er ein del av det prestisjefylte European Chamber Music Academy (ECMA). Dei har samarbeida på fleire prosjekt med nye musikkverk frå nordiske komponistar som Nino Håkansson, Hermod Ringset Bentsen, Jón Arnar Einarsson og Thordur Hallgrímsson. Verka deira har blitt urframført på festivalar som den anerkjende samtidsmusikkfestivalen Ultima (2020), Grieg i Bergen-festivalen (2022) og Oslo-festivalen Re;Skissert (2022).

Fleire konsertar

Publisert: 22. jun. 2023 — Oppdatert: 16. okt. 2023