Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

FRIKA – akustisk

Bachelorstudentar på Det frie kandidatstudiet inviterer til eit innblikk i dei individuelle prosjekta til dei ulike studentane.

Midjourney

Konserten vil både framheve og forsøke å utfordre dei formidlande evnene til musikarane, ved å la publikum komme tett på, i skolens eigen og intime Levinsalen. Vi er stolte av å presentere musikk som boltrar seg på kryss og tvers av etablerte stilartar og sjangrar. Du kan forvente deg å høyre alt frå folkemusikk til bluegrass, singer/songwriter, jazz og alt imellom.

Medverkande

Sivert Runhovde

Låtskrivar, songar og multiinstrumentalist Sivert Runhovde byrja å skrive låtar da han var ti år. Sidan 2016 har han gitt ut musikk under eigne og andres prosjekt, og nådde eit stort nedslagsfelt som soloartist under pseudonymet Lukas Claude (2019–2021). Den allsidige 24-åringen har i tillegg til å vere artist, også jobba som korist og dirigent for NRK TV, og drive instrumentopplæring av barn og ungdom i 9 år på eit kulturtilbod i Oslo. Etter ei pause frå musikken i 2022, er han no tilbake med norske låtar. Som student ved Noregs musikkhøgskole blir nytt materiale utvikla, inspirert av artistar som Frida Ånnevik, Lillebjørn Nilsen og Stein Torleif Bjella.

Hanna Kallestad

Hanna Kallestad går tredje året på FRIKA med fiolin som hovudinstrument. Prosjektet hennar går ut på å skrive, spele og utforske musikk, uavhengig av sjanger eller tradisjon.

William Dillner

William er ein 20 år gammal låtskrivar og multi-instrumentalist. Han starta å skrive og produsere for seg sjølv i 2017, men har sidan femårsalderen lært seg å spele fleire ulike instrument, som trommer, gitar, keyboards og vokal. På FRIKA-studiet djpdukkar han i år inn i gitarens verd.

Symre

Symre (21) er ein låtskrivar frå Morgedal i Vest-Telemark. Dei sjølvskrivne tekstane er på norsk, og har ofte fått tilbakemeldinga «finurlege», med humor som eit viktig verkemiddel. Låtane har blitt til i møte med vaksenlivet med kjennbare problemstillingar, støtta av eit sjangerblanda musikalsk uttrykk med rom for improvisasjon.

Fleire konsertar

Publisert: 23. jun. 2023 — Oppdatert: 16. okt. 2023