Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Gåte

Folkemusikk og kyrkjemusikk smeltar saman denne kvelden, i Ketil Hvoslefs verk Gåte.

Ved Norges musikkhøgskole vart det hausten 2021 starta eit samarbeid mellom folkemusikk og kyrkjemusikk. Dette gav vidare inspirasjon til nye prosjekt mellom seksjonane. Eit prosjekt i dette samarbeidet er å øve inn Gåte og framføre det våren 2022.

Dette er eit verk med 6 satsar for song, 2 hardingfeler og trøorgel. Kvar hardingfelespelar nyttar 2 ulike felestille. Verket er komponert av Ketil Hvoslef til Festspillene i Bergen i 2007. Urframføringa var i Bullahuset på Valestrand 27. mai 2007. Dagen etter vart verket framført i kulturhuset Kabuso i Øystese. Teksten er frå eit kinesisk dikt av diktaren Po Chü-i (772-846):

Det minner – men er ingen rose, det ligner – men er ingen dis.

Det kommer ved midnatt – det viker ved dag.

Det er som en vårdrøm som aldri fikk drømme;

det er som en sky som ble borte i himlen:

du finner det aldri, du finner det ei.

Medverkande

  • Synnøve Brøndbo Plassen (song)
  • Tiril Eirunn Einarsdotter og Trygve Liahagen (hardingfeler)
  • Øyvind Fossen (trøorgel)

Flere konserter

Publisert: 15. des. 2021 — Oppdatert: 9. mar. 2022