Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Jazz-sinfonietta

Konsert med David Hveem og band fra Nasjonal jazzscene, Victoria, i svart-hvitt

David Hveem studerer til ein mastergrad i jazzkomposisjon for større ensemble, og vil på denne masterkonserten presentere eit av sine masterprosjekt, med namnet «Jazz-sinfonietta».

Tore Sætre

Som tittelen viser til, er dette eit forsøk på å hente inspirasjon frå den klassiske sinfonietta-besetninga inn i jazzen si finurlege verd. Det vil med andre ord bli servert moderne jazzmusikk spelt av eit ensemble med stryk, blås og rytmeseksjon, liknande den ein finn i ein sinfonietta. Noko av prosjektets interessante karakter ligg i nettopp besetninga, sidan den utradisjonelle samansetninga opnar opp for fargar og kombinasjonar ein sjeldan møter i ein rein jazz-setting, eller på ein typisk klassisk konsert. Ensemblet er sett saman av nokre av dei aller mest interessante unge ensemblemusikarane vi har i dag, både innanfor jazz og klassisk. Velkommen!

Medverkande

  • David Sætre Hveem (dirigent, komponist)
  • Andrea Moby Søreng (fløyter)
  • Camilla Hole (sopran-saksofon)
  • Oskar G. Lindberget (alt-saksofon)
  • Sigrid Aftret (tenor-saksofon)
  • Tina Lægreid Olsen (baryton-saksofon og bass-klarinett)
  • Lyder Øvreås Røed (trompet og flygelhorn)
  • Axel Tinus Simensen (horn)
  • Magnus Murphy Joelson (trombone)
  • Magnus Løvseth (tuba)
  • Matias Jentoft og Larissa Tereščenko (fiolin)
  • Sunniva Norberg (bratsj)
  • Andrine Dyblie Erdal (cello)
  • Petter Asbjørnsen (kontrabass)
  • Kalle Moberg (trekkspill)
  • Åsmund Moen (vibrafon og perkusjon)
  • Christian Løken (trommesett)

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 13. okt. 2021