Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Musikkhøgskolens kammerkor: norsk musikk

Sangere løfter armen og synger i Lindemansalen.

NMHs eige kammerkor syng norsk musikk.

David Dawson, Lars Gunnar Liestøl

På denne konserten blir det norsk musikk på programmet. NMHs kammerkor består av dei studentane som studerer song og dirigering ved Musikkhøgskolen, så her finn du nokre av landets finaste unge stemmer.

Marit Tøndel Bodsberg er dirigent for prosjektet som presenterer kor- og ensemblemusikk av alt frå Kjerulf, Backer-Grøndahl og Grieg via Nystedt og Nordheim til nokre av dagens strålande yngre komponistar: Marianne Reidarsdatter Eriksen, Eva Holm Foosnæs og Tone Åse. Koret opptrer ikkje berre som blandakor, vi byr også på mannsensemble og dameensemble, og nokre av songarane våre er solistar. Velkommen til konsert!

Biletet er frå da NMHs songarar framførte Purcells The Fairy Queen, hausten 2023.

Omtale

Fleire konsertar

Publisert: 14. jun. 2024 — Oppdatert: 2. okt. 2024