Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Li Dacheng (klaver)

Pianist Li Dacheng speler masterkonsert med musikk av Wienawski og Chopin.

Vivien Lu @BL Studio

Program

Henryk Wieniawski (1935–1880)

  • Kujawiak
  • Polonaise nr. 1 i D-dur, op. 4
  • 2 Mazurkas, op. 12

Frédéric Chopin (1810–1849)

  • Waltz op. 34, nr. 3
  • Mazurkas, op. 7:
  1. Vivace
  2. Vivo ma non troppo
  3. I f-moll
  4. Presto ma non troppo
  5. Vivo
  • Polonaise op. 26, nr. 1
  • Polonaise op. 40, nr. 1 («Militærpolonesen»)

Medverkande

  • Sigve Lieberg Stieng (fiolin)

Omtale

Li Dacheng er masterstudent på Noregs musikkhøgskole og studerer under Christopher Park. Han gjer ferdig studia dette året. Tidlegare studerte han som utvekslingsstudent på konservatoriet i Paris (CNSMPD). I juni i år mottok han den høgaste utmerkinga frå CNSMDP sitt jurypanel for ein konsert han spelte i Frankrike (très bien).

I Kina har Li Dacheng vore invitert til å delta på ei rekkje prestisjetunge arrangement, som å spele på prisutdelings-seremoniane til den 32. China Film Golden Rooster Awards og den 28. Hundred Flowers Awards – den høgaste utmerkinga i kinesisk film. Han har også vore invitert til samarbeid på mange film- og TV-prosjekt og jobba med kjende skodespelarar som Wei Daxun, Xin Zhilei, and Zhao Liying.

I oktober 2023 spelte Li Dacheng kinesiske verk for diplomatiske utsendingar frå hele verda, på Den kinesiske ambassaden i Noreg. Li Dacheng er også svært aktiv på nett og har over 30 000 følgjarar på sosiale medium. Videoane hans har fått over 10 millionar visningar.

More Concerts

Publisert: 19. nov. 2024 — Oppdatert: 20. nov. 2024