Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ljøsblått: Andrea Søgnen

Andrea Søgnen spiller langeleik, med Ljøsblått-grafikk.

Andrea Søgnen er 24 år, og er ein av landets fremste langeleikutøvarar med repertoar frå Hallingdal, Valdres og Telemark.

Ole Johs Brye

Med fokus på klangmoglegheitene, grooven og strøkbruken til langeleiken banar den særeigne spelestilen hennar veg for nye uttrykk innanfor langeleikspelet. I 2024 og 2025 vann ho landskappleiken i klassa langeleik senior.

Hennar store interesse for overføring av låttar frå hardingfele og kveding, og dessutan vidareføring av dei eldste notenedskriftene på langeleik, gjer Andrea sitt repertoar unikt. I tillegg til å vere soloutøvar, blir ho hyppig brukt til dansespel og undervisning i både langeleik og folkedans. Andrea er den første med bachelor i folkemusikk med langeleik som hovudinstrument, ein grad ho fullførte ved USN, campus Rauland i 2023. I 2025 har ho statens kunstnarstipend.

Søke NMH?

Sjå heile festivalprogrammet

Publisert: 7. nov. 2025 — Oppdatert: 12. nov. 2025