Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Ljøsblått 2020: Fredag

-
Ljøsblått-logo for 2020 med torader over rosemaling

Fredag fortset Ljøsblått med gjestemusikarar frå land og strand, buskspel på Chateau Neuf og lunsjkonsert.

Tiril Eirunn Einarsdotter og Josef Zachariassen

Program

12.00 Lindemansalen (scenekonsert), Norges musikkhøgskole: Lunsjkonsert

Gira på litt variasjon i skuledagen? Kom og høyr studentar frå folkemusikklinja spele i ein akustisk setting, torsdag og fredag kl. 12.00. Laurdag blir det ein liknande konsert kl. 16.00 på Chateau Neuf, som går over i open jam før klubbkvelden brakar laus.

Hent gratisbillett

19.00 Betong, Chateau Neuf: Studentkonsert med musikarar frå Ole Bull-akademiet og Musikkhøgskolen

Fredag kveld er vi så heldige at vi får besøk av folkemusikkstudentar frå Ole Bull-akademiet på Voss! Det blir ein konsert med folkemusikk i ulike besteningar, både solo og samspel. Hugs å skaffe billett tidleg før huldra bestiller alle.

Hent gratisbillett

22.00: Betong, Chateau Neuf: Buskspel (jam)

Buskspel er ein essensiell del av festligheitene i folkemusikkens verd. Ta med deg yndligsinstrumentet ditt og sleng deg på, alt er lov! Fiolin, saksofon, paukar, orgel…

Hent gratisbillett