Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Ljøsblått 2020: Laurdag

-
Ljøsblått-logo for 2020 med torader over rosemaling

Vi avrundar årets Ljøsblått med innslag frå UngMusikk, lunsjkonsert, buskspel, dans og klubbkonsert med Skrekk & Guro.

Tiril Eirunn Einarsdotter og Josef Zachariassen

Program

UngMusikk (avlyst pga. smittevernhensyn)

14.00 Levinsalen, Norges musikkhøgskole: Lunsjkonsert og buskspel (jam)

Studentar frå folkemusikklinja speler i ein akustisk setting. Konserten går over i open jam før klubbkvelden brakar laus.

Hent gratisbillett

19.00 Betong, Chateau Neuf: Klubbkonsert med Skrekk & Guro

Ljøsblått peakar med ein dryg festkveld i Betongsalen, der til og med Fanitullen hadde gått opp fem intensitetsnivå med ekstra rammeslag-power og skjoldmøy-prestige. Det blir konsert med rocka folkemusikk, med bandet Skrekk og Guro. Etter konserten blir det dans med avstand, som kjem til å maxe din stamina, buskspel som boostar din reaksjonstid, og generelt mæd stemning som vil gjere deg til ein elite-level folkemusikkfest-meister.

Kjøp billett (150, alle studentar gratis)