- Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791): Fiolinsonate i B-dur, K. 378
- Eugène Ysaÿe (1858–1931): Sonate nr. 6 i E-dur for solo fiolin
- Robert Schumann (1810–1856): Fiolinsonate nr 2. i d-moll, op. 121
Medverkande
- Maren Ohm Ballestad (fiolin)
- Gonzalo Moreno (klaver)
Omtale
– Mitt masterprosjekt «Different Entries» handlar om musikkens og musikarars relevans og nødvendigheit i vårt samfunn. Det handlar om korleis eg kan vere ein lyttande musikar, ein som kan formidle både mine eigne og publikums kjensler. Samfunnet i dag ber preg av mykje overfladisk kommunikasjon. Gjennom musikk kan alle bli inkludert, alle kan føle seg lytta til og forstått, og difor er det viktig som musikar å gjenspegle og treffe menneska som høyrer meg spele, uavhengig av kven dei er. Min avsluttande konsert har eg valt å kalle «Mangfald i musikken» og er ein refleksjon av masterstudia mine. Her ønsker eg å vise korleis klassisk musikk kan vere tidlaus og spegle tida vi er i, sjølv om han blei skrive under heilt andre føresetnadar.