Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Mozarts symfoni nr. 40

Orkesteret leggjer vekt på det kammermusikalske i denne framsyninga av Weills suite for blåsarar og Mozarts berømde symfoni nr. 40.

Program

Kurt Weill (1900–1950): Dreigroschenmusikk – Suite für Blasorchester

  1. Ouverture
  2. Die Moritat von Mackie Messer
  3. Anstatt daß-Song
  4. Die Ballade von angenehmen Leben
  5. Pollys Lied og 05. a. Tango-Ballade
  6. Kanonen-Song
  7. Dreigroschen-Finale

Leiar: Tom Ottar Andreassen (fløyte)

Pause

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791): Symfoni nr. 40 i g-moll

  1. Molto allegro
  2. andante
  3. Menuetto og trio
  4. Finale allegro assai

Leiarar: Louisa Tuck (cello) og Björn Nyman (klarinett)

Omtale

Musikkhøgskolen har i år eit nytt masterprogram retta mot orkestermusikarar. Dette prosjektet er ein del av det nye studiet, og vi ønsker og belyse den kammermusikalske tilnærminga til å bli orkestermusikar. I staden for dirigent har vi leiarar i orksteret, og ønsker på den måten å sjå på det kammermusikalske i orkesterspel, og styrke studentane sitt leiarskap i orkester.

Lærarar i orkesteret tar ei leiarrolle som vi håper kan inspirere studentane til at ta ansvar for si individuelle stemme mens vi speler, og ta initiativ til ei felles fortolking av musikken.

Ideen er å spele standardrepertoar frå litteraturen og utforske våre felles musikalske idear. Gjennom intenst samspel lærer vi orkesterteknikkar som er viktige for vårt virke som orkestermusikarar.

Publisert: 21. okt. 2021 — Oppdatert: 5. nov. 2021