Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Musikkhøgskolens symfoniorkester

Hele orkesteret på scenen i Lindemansalen

Musikkhøgskolen sitt symfoniorkester speler norsk musikk, av Halvorsen, Valen og Beethoven.

Karina Ayguavives Krokaa

Halvorsen sin symfoni nr. 2 går under namnet «Fatum», og er ein fargerik symfoni med nasjonalromantisk uttrykk og kraft. Valen sitt verk «Kirkegården ved havet» er eit altfor sjeldan spelt orkesterverk. Vi får også eit møte med Beethovens fiolinkonsert, med Sabine Kronberger som solist. Konserten blir dirigert av Bjarte Engeset.

Program

Fartein Valen (1887–1952): Kirkegården ved havet, op. 20

Ludwig van Beethoven (1770–1827): Fiolinkonsert i D-dur, op. 61:

  1. Allegro ma non troppo
  2. Larghetto
  3. Rondo: Allegro

Johan Halvorsen (1864–1935): Symfoni nr. 2 i d-moll, «Fatum»:

  1. Allegro moderato
  2. Romance: Andante con sentimenti
  3. Intermezzo: Allegretto amabile
  4. Finale: Allegro

Medverkande

  • Musikkhøgskolens symfoniorkester
  • Bjarte Engeset (dirigent)
  • Sabine Kronberger (fiolinsolist)

Omtale

Sabine Kronberger

Sabine Kronberger er fødd i Freiburg, Tyskland i 1991 og begynte å spele fiolin da ho var 3 år. Etter å ha vore stipendiat i Pflüger Stiftung Freiburg starta ho som pre-college-student ved musikkhøgskolen i Freiburg allereie som 10-åring, og blei tre år seinare elev i klassa til prof. Nicolas Chumachenco. Ho blei invitert på Young Artist program i Ottawa, Canada, hos prof. Pinchas Zukerman, er tidlegare stipendiat ved Ad Infinitum Foundation og har mottatt fleire prisar i internasjonale konkurransar. Ho har vunne 1. pris fleire gongar ved Jugend musiziert, og fekk i 2007 spesialprisen Leonberger Jugendmusikpreis, som m. a. innebar eit solooppdrag med Landesjugendorchester Baden-Württemberg. I 2008 vann ho 3. pris og ein pris for å vere yngste deltakar ved Bled internasjonale fiolinkonkurranse i Slovenia, og i 2011 blei ho finalist ved Andrea Postacchini internasjonale fiolinkonkurranse i Fermo, Italia. Ho er ein aktiv kammermusikar og blir jevnleg invitert på ei rekke festivalar over heile Europa. Sidan ho var 15 år har ho vore solist med fleire tyske ungdomsorkester og orkester som Jugendorchester der Holst-Sinfonietta Freiburg og Württembergisches Kammerorchester Heilbronn. Etter å ha studert med prof. Michael Mücke (HfM Hanns Eisler, Berlin) og prof. Viviane Hagner (UdK, Berlin), begynte ho på master i utøvande fiolin hos prof. Peter Herresthal ved NMH i Oslo, hausten 2019. Ho speler på ein fiolin laga av Gabor Draskoczy (London, 2016) på utlån frå Dextra Musica.

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 25. nov. 2021