Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Musikkhøgskolens kammerorkester

Kollasj med portretter av Berit Cardas og Bjørg Lewis, sistnevnte med cello.

Kammermusikkveka: Kammerorkesteret speler strykekvintettar av Dvořák, Brahms, Reicha og Boccherini i versjonar for strykeorkester.

Anna-Julia Granberg og Andrew Redpath

Program

Antoine Reicha (1770–1836)

Ouverture générale pour les séances des quatuors:

  1. Allegro non troppo

Johannes Brahms (1833–1897):

Strykekvintett i G-dur:

  1. Allegro non troppo, ma con brio

Luigi Boccherini (1743–1805):

Nattmusikk frå gatene i Madrid, op. 30 nr. 6 i C-dur

Antonín Dvořák (1841–1904):

Strykekvintett i G-dur:

  1. Allegro con fuoco
  2. Scherzo: Allegro vivace
  3. Poco andante
  4. Finale: Allegro assai

Alle i versjon for strykeorkester.

Medverkande

  • Bjørg Lewis og Berit Cardas (leiarar)
  • Musikkhøgskolens kammerorkester

Omtale

Berit Cardas

Berit Cardas er ein etterspurd dirigent, fiolinist og bratsjist. Ved sida av en å ha ei lang merittliste som kammermusikar er ho også ein allsidig pedagog og forelesar.

Cardas har studert ved Østlandets musikkonservatorium, Hochschule für Musik und Theater i Hannover, Tyskland, og på University of Minnesota i Minneapolis, USA. Ho har også tatt dirigentstudium ved Norges musikkhøgskole. Ho har sidan tenåra drive med undervising, ved sida av å både studere og spele teater. I seinare tid har ho også jobba med orkesterleiing. Ho var med å starte Vertavo-kvartetten i 1984 og har halde over 2500 konsertar saman med dei. Cardas har tidlegare vunne Spellemannprisen og Diapason d’or, 1. pris i Nordisk kammermusikkonkurranse, 1. pris, publikumspris og radiolyttaranes pris i Melbourne International Chamber Music Competition. Dei siste åra har reisene mellom anna gått til Melbourne, San Fransisco, og prestisjetunge Chamber Proms i London.

Eit armbrot blei eit viktig vendepunkt for Berit Cardas, for da gav ho seg i kast med teaterstudium. Trass gode år på musikkhøgskular i Hannover, Tyskland og Minneapolis, USA, er det ingenting som har gjeve ho nyttigare kunnskap og trening. Og teatret, saman med kammermusikken, har forma ho til den musikaren ho er i dag: ambisiøs, målbevisst – ei salig blanding av kompromisslaus og sjølvutslettande. Cardas har også halde foredrag om barn sin oppleving av musikk og samspel, og den livsviktige verdien av musikkglede (erfaring-forventing-attkjenning), sist under Music Learning Live Asia i Singapore.

Cardas har dirigert mange konsertar med våre aller beste orkester; BFO, OFO og Kork, og er særleg ettertrakta for si evne til å halde store menger med barn i ande, på scena eller i salen. Elles er ho med sine teaterferdigheiter ein etterspurd workshop-leiar, med sin eineståande innfallsvinkel i kammermusikkundervisninga.

Bjørg Lewis

Bjørg Værnes Lewis er ein av Noregs mest etterspurde og anerkjende cellistar. Da Rostropovich høyrde ho spele, inviterte han ho til å studere hos han, og uttalte at «Noreg treng ikkje frykte for si musikalske framtid når landet har ein cellist som Bjørg». Ho har samarbeida med musikarar som Leif Ove Andsnes, Jean-Yves Thibaudet, Paul Lewis, Elisabeth Batiashvilli, Truls Mørk, Steven Isserlis, Martin Frost og Nash Ensemblet. Ho har vore solist med Oslo-Filharmonien under leiing av Mariss Jansons, og har elles opptredd som solist med orkester rundt om i Noreg, Sverige, Finland, Tyskland og Baltikum. Bjørg er både medlem og ein av grunnleggjarane av Vertavo strykekvartett, som har vunne talrike prisar, mellom anna den prestisjetunge Grieg-prisen i 2005. Deira plateutgivingar inkluderer alle Bartók sine strykekvartettar, samt kvartettar av Schumann, Brahms, Grieg, Debussy og Nielsen. Fleire av platene har fått Diapason d'or og skandinaviske grammofonprisar. Deira siste utgiving for SIMAX Classics er Beethovens strykekvartett op. 130 og 133, Grosse Fuge.

Eit travelt konsertprogram fører Bjørg gjennom Europa, Nord-Amerika og Japan. I Storbritannia har ho mellom anna opptredd på festivalar i Edinburgh, Bath og The Proms, og ho speler også regelmessig i Wigmore Hall, både med Vertavo-kvartetten, The Nash Ensemble og med mannen sin, pianisten Paul Lewis. Etter 15 år som kunstnarleg leiar av Festspillene i Elverum starta Bjørg Vertavo-festivalen i 2016. Sjølv deltar ho jamleg ved mange andre internasjonale kammermusikkfestivalar, og i 2017 gjesta ho både Aldeburgh- og Cheltenham-festivalane i England. I 2009 stifta ho og mannen den nye festivalen Midsummer Music; ein internasjonal kammermusikkfestival i Chilterns, i nærleiken av heimen deira. Fondet Dextra Musica har generøst stelt instrumentet ho speler på til hennar rådigheit – ein Gennaro Gagliani-cello frå 1748, der førre eigar var Martin Lovett i Amadeus-kvartetten.

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 24. okt. 2021