Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Red, Green, Blue

Portrett av Olga Stezhko i turkis kjole.

Gjestelærar og pianist Olga Stezhko speler konsert i samband med besøket sitt på Musikkhøgskolen.

Bibi Basch

Program

  • Halina Harelava (1951–, Minsk): Klaversuite med 4 satsar, «Landscapes»
  • Agnes Ida Pettersen (1981–, Noreg): Grazioso
  • Kaja Bjørntvedt (1981–, Noreg): Sounds of a Fjord, for klaver og elektronikk
  • Kari Beate Tandberg (1958–, Noreg): Displacements
  • Ruth Bakke (1947–, Noreg): In Memoriam
  • Synne Skouen (1950–, Noreg): Sul g
  • Claude Debussy (1862–1918): Et la lune descend sur le temple qui fut
  • Johann Sebastian Bach (1685–1750): Frå Toccata i e-moll, BWV 914: 2. Un poco allegro og 3. Adagio
  • Alexandr Skrjabin (1872–1915): Vers la flamme

Omtale

Kan musikk gi meining til komplekse vitskapelege omgrep? Kan data bli til kunst? Dette prosjektet utforskar det flytande forholdet mellom kunst, natur og teknologi gjennom ei tverrfagleg syntese av musikk, bilete og satellittdata.

I kjernen av programmet ligg naturinspirert musikk for solopiano, av samtidskomponistar frå Noreg og Belarus (Olga sitt heimland), innramma av sublim musikk av Bach, Debussy og Skrjabin. Den musikalske reisa utviklar seg i samklang med kunstnarleg tolka satellittbilete som viser praktfulle naturfenomen i blendande fargar.

Omgitt av tankevekkande musikk, som spenner frå draumeaktig reinheit til valdeleg intensitet i sitt uttrykksregister, framkallar databaserte bilete ein kraftfull emosjonell respons gjennom bruk av former, fargar og gestiske merke – noko som liknar prinsippa i abstrakt kunst.

Tittelen «Red, Green, Blue» refererer til dei vanlegaste pigmenta ein finn i naturen, og til måten dataskjermar kombinerer dei tre bølgjelengdene (RGB) på, for å gjere svart- og kvit romfotografering om til fargar.

Fleire konsertar

Publisert: 22. jun. 2023 — Oppdatert: 31. aug. 2023