Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Natasha Barrett: Presence | Nærvær

-
Plakat til Natasha Barrets installasjon på Ultima 2022: Presence/Nærvær. Murvegg med et slags robothode foran og tekst med tittelen på verket.

Eit nytt verk frå den elektroakustiske komponisten Natasha Barrett vekker lydrommet i Akershus festning til live.

Natasha Barrett

Kva om vi gjer bakgrunnen til forgrunn? Kva om vi lar lyden av fortida klinge gjennom notida? Kva med dei skjulte detaljane, dei kamuflerte eigenskapane, spora og særeigne lydane får bryte seg fri frå bylarmen for å fortelje ei historie om rom, stad og nærvær.

Presence | Nærvær er ein stadsspesifikk utandørs kunstinstallasjon som utforskar svara kring desse spørsmåla. Kunstinstallasjon avslører lydskattane inne i og rundt Akershus festning ved å filtrere dei gjennom ei forsterka utgåve av «det verkelege», og lar dei utforskande lydane sveve like over bakgrunnsstøyen. Publikum blir invitert inn i dette lydrommet og til å la sitt eige nærvær prege det.

Arbeidet er laga ved hjelp av det siste innan teknologi for analyse av lydmiljø og utandørs 3D-projeksjon av lyd. Presence | Nærvær er laga av Natasha Barrett, som ein del av det kunstnarlege forskingsprosjektet «Reconfiguring the Landscape» på Norges musikkhøgskole.

Visningar

Kl. 12:00–14:00 og 16:00–18:00 kvar dag på Hjemmefrontmuseet.

Fleire konsertar

Publisert: 29. aug. 2022 — Oppdatert: 15. sep. 2022