Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Musikkhøgskolens sinfonietta

Kollasj av komponistene til sinfoniettaen: Maia Viken, Benjamin Knutsen, Olav Anton Thommessen og Igor Stravinskij

Sinfoniettaen speler verk av Thommessen, Stravinskij og to urframføringar av komposisjonsstudentane Maia Viken og Benjamin Knutsen.

Ida Gøytil, Bodil Maroni Jensen og Robert Regassi

Medverkande

  • Musikkhøgskolens sinfonietta
  • Christian Eggen og Daniel Reith (dirigentar)
  • Arturs Perts (klarinettsolist)

Program

  • Olav Anton Thommessen (1946–): Det hemmelige evangeliet
  • Benjamin Knutsen: Eksenter
  • Maia Viken: frailties
  • Igor Stravinskij (1882–1971): Ebony-konserten:
  1. Allegro moderato
  2. Andante
  3. Moderato – Con moto

Omtale

Maia Viken: frailties

Begreipet «frailty» viser til noko vedvarande skjørt eller svakt og brukast vanlegvis om fysisk skjørheit og svakheit hos eldre eller sjuke. Eg har tolka begreipet som ei kjensle av vedvarande svakheit eller uvisse; ei kjensle av å ikkje heilt vite, men framleis virke i uvissa og svakheita – og skjørheita dette fører med seg. Dette har vore sentralt i utviklinga av det musikalske materialet i stykket.

Benjamin Knutsen: Eksenter

Ein eksenter er ein eining av maskindelar som omformar ei roterande rørsle til ei rettlinja fram- og attendegåande rørsle, som brukast i ei rekke maskiner. Det er denne omforminga frå rotasjon til stempelrørsle eg har tolka og omsett til musikk. Stykket inneheld fleire allusjonar til «Intégrales» av Edgard Varèse, som eg har anvendt ved bruk av eigen musikalitet og harmonikk.

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 26. okt. 2021