På denne konserten vil publikum få høyre musikk av komponistane Gösta Nystroem, Gunnar de Frumerie og Øistein Sommerfeldt, samt ein norsk folketone etter Unni Løvlid, som har det til felles at naturen – og særleg havet - speler ei viktig rolle. Menneskelege kjensler av lengsel, uro og einsemd, men også kjærleik, tilfredsheit og glede, blir speila i naturbilete, eller sette inn i eit landskap som forsterkar eller forklarer dei.
Sjel og landskap
Masterkonsert med songar Camilla Marie Bjørk Andreassen.
Program
- O, at skue: Improvisasjon over folketone etter Unni Løvlid
- Gösta Nystroem (1890–1966): Sånger vid havet
- Øistein Sommerfeldt (1919–1994): Om kjærlighet
- Gunnar de Frumerie (1908–1987): Hjärtats sånger
- G. Nystroem: Det enda
Medverkande
- Camilla Marie Bjørk Andreassen (song)
- Anders Engebretsen (dans)
- Ulrikke Henninen (cello)
- Ivar Anton Waagaard (klaver)
Fleire konsertar
Publisert: 18. okt. 2024 — Oppdatert: 21. okt. 2024