Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Please Accept My Ears: Olav Anton Thommessen 75 år

Velkommen til festkonsert i anledning komponist og tidlegare professor Olav Anton Thommessen sin 75-årsdag.

Bodil Maroni Jensen

I forlenginga av Thommessen-seminaret tidlegare same dag, vil eit knippe ypperlege musikarar denne kvelden hylle den 75-årige komponisten, professoren, samfunnsdebattanten og inspiratoren Olav Anton Thommessen, med ein kammerkonsert via til musikken hans. Vi får høyre musikarar som Ernst Simon Glaser, POING!, Sanae Yoshida og den amerikanske Zorá-kvartetten i verk frå det siste tiåret, mellom anna ei urframføring – av denne frodige, mangslugne og alltid like aktuelle komponisten.

Program

EingeBACHt – Parafrase over Bachs Toccata i G-dur, 1. sats

RødBEETH – meditasjon over opus 111 for pianoforte

  • Sanae Yoshida (klaver)

Please Accept My Ears

  • Phelan Nyvoll Walker (fiolin)
  • Gonzalo Moreno (klaver)

PARASIxTh (utdrag. Uroppføring): Prelude og Phantasie

  • Ernst Simon Glaser (cello)

Veslemøy Synsk: Ein Griegsk musi-collage over Arne Garborgs Haugtussa (utdrag)

  • Marianne Beate Kielland (mezzosopran)
  • Gonzalo Moreno (klaver)

Fire Tsjajkovskij-skisser – basert på tema frå «The Voyevoda» (utdrag). Med POING!:

  • Rolf-Erik Nystrøm (saksofon)
  • Frode Haltli (akkordeon)
  • Håkon Thelin (kontrabass)

Strykekvartett nr. 4, Felix Remix. Med Zorá Quartet:

  • Haruno Sato
  • Julian Sawhill
  • Dechopol Kowintaweewat
  • Zizai Ning