Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ensembla våre

Ensembla ved Musikkhøgskolen gjer varierte konsertar i mange sjangrar. Medlemane er primært studentar, men også lærarar og studentar frå andre musikkinstitusjonar.

Christiania Blåseensemble

Christiania Blåseensemble er eit korpstilbod på høgt nivå for noverande og tidlegare studentar. Christiania Blåseensemble (CBE) blei stifta i september 2008 av studentar ved Noregs musikkhøgskole. Ensemblet har janitsjarbesetning og er oppretta med føremål å gi studentar og musikarar eit korpstilbod på høgt nivå. Ensemblet har vinna NM i janitsjar fleire gonger, sist i 2024.

NMH kammerkor

Musikkhøgskolens kammerkor framfører dei viktegaste korverka gjennom tidene. Publikum kan oppleve alt frå Bachs Magnificat til operalitteratur med full regi. Musikkhøgskolen engasjerer dirigentar på internasjonalt toppnivå for å leie prosjekta.

NMH kammerorkester

Musikkhøgskolens kammerorkester framfører orkesterstykk i mindre format, og har eit eller to store prosjekt i løpet av eit studieår.

NMH sinfonietta

Musikkhøgskolens sinfonietta gir studentar og publikum ei innføring i samtidsmusikken. Sinfoniettaen har spelt samtidsmusikk i over tjue år. Til saman har dei gjort over 400 konsertar med sentrale verk på plakaten.

NMH storband

Musikkhøgskolens storband speler jazz i stort format. Høgskolens største jazzensemble har satt merke i norsk musikkliv. Storbandet er eit tilbod til alle studentar ved Musikkhøgskolen som ønsker å utvikle seg innanfor rytmisk musikk for store ensemble.

NMH symfoniorkester

Musikkhøgskolens symfoniorkester er eit fullt symfoniorkester og er høgskolens flaggskip.

NMH Chamber Brass

NMH Chamber brass er eit messingensemble og på høgt nivå.

NMH blåserakademi

NMH blåserakademi er eit treblåsensemble og på høgt nivå.

Publisert: 20. mars 2020 — Oppdatert: 30. sep. 2025