Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Astrid Solberg og Mirsaeed Hosseiny Panah til Borealis

Blåaktig bilde av Astrid Solberg som ligger på et teppe med håret ut
Astrid Solberg. Foto: Elias Nurmi Schomers

Astrid Solberg, Mirsaeed Hosseiny Panah, Karoline Wallace og Peder Niilas Tårnesvik skal skape verk som får verdspremiere på Borealis-festivalen i 2022. Solberg og Hosseiny Panah er begge studentar frå Musikkhøgskolen.

I år fekk Borealis inn rekordmange søknadar til Borealis Ung Komponist, melder festivalen, med søknadar frå 73 spirande komponistar frå heile landet. Mentorprogrammet blei starta for å stimulere til at fleire stemmer får komme til, og til å utvikle seg innan det eksperimentelle musikkfeltet. Dei fire som er plukka ut av årets søkarbunke er Peder Niilas Tårnesvik, Astrid Solberg, Karoline Wallace og Mirsaeed Hosseiny Panah.

Dei kjem frå svært varierte bakgrunnar, og har alle ein utøvar- og komponistside ved praksisen, melder Borealis:

Alle fire står sjølv på scena i prosjekt, og trakterer seg i mellom jazzvokal, cello, santur og elektronikk. Peder Niilas Tårnesvik er mest kjend for prosjektet Niilas, som han slapp sitt første fullengde album med og vann Spellemannprisen for i 2020. Astrid Solberg er cellist og komponist, og set lys på maktforhold og feminisme gjennom musikken sin, og bruker både video, koreografiske og visuelle element. Karoline Wallace er kjend som vokalist og komponist i sitt eige prosjekt Molecules, har samarbeida med Erlend Skomsvoll, og jobbar i sjiktet mellom jazz, norsk folkemusikk og samtidsmusikk. Mirsaeed Hosseiny Panah er saturspelar og komponist uteksaminert frå Universitetet i Teheran og Norges musikkhøgskole, og har ei spesiell interesse for jazz og klassisk musikk så vel som klassisk iransk musikk.

Portrett i svart-hvitt av Mirsaeed Hosseiny Panah
Mirsaeed Hosseiny Panah. Foto: Alex Ventling

Saman skal desse fire skape kvart sitt verk med støtte og rettleiing frå årets mentorteam, som består av fiolinist Harpreet Bansal, multimedia-kunstnar Camille Norment, musikar og komponist Johan Sara Jr. og komponist Øyvind Torvund. Deltakarane vil også knyte seg til ensemblet Tabula Rasa, eit vestlandsbasert vokalensemble som jobbar for å fremje klassisk vokalmusikk og som jobbar med improvisasjon og teatralske verkemiddel for å skape konseptuelle konsertar og framsyningar.

I fire år har Borealis, festivalen for eksperimentell musikk, drive det profesjonelle mentorprogrammet Borealis Ung Komponist. Formålet med programmet er å gi grobotn til og dyrke fram framtida sine stemmer innan det eksperimentelle musikkfeltet, og å knyte internasjonalt anerkjende komponistar saman med nye komponistspirer og eit musikarensemble, melder festivalen. Gjennom 8 månadar skal deltakarane jobbe fram kvart sitt verk som får verdspremiere på Borealis-festivalen i 2022.

Biografiar

Astrid Solberg

Astrid Solberg er komponist og utøvar frå Oslo. Som komponist arbeider ho ofte konseptuelt, i grenseland til performance-kunst og instrumental-teater. Som utøvar er ho aktiv både i andre kunstnarar sine prosjekt, og i eige materiale gjennom video og som live-performar. Maktforhold og feminisme i musikk og kunst opptar ho mykje, og ho har også stor interesse for og fokus på internettkultur, mental helse og hundar. No fokuserer arbeidet hennar seg rundt video, og koreografiske og visuelle element i forskjellige uttrykk og former. Hennar kritiske syn på kunstfeltet og tendensar i samfunnet kjem gjerne til syne gjennom bruk av satire og humor. Astrid Solberg er i år utvekslingsstudent ved Staatliche Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Stuttgart, og fullfører haustsemesteret 2021 bachelor i komposisjon ved Norges musikkhøgskole.

Mirsaeed Hosseiny Panah

Mirsaeed Hosseiny Panah er komponist og musikar frå Iran, med santur som sitt hovudinstrument – eit trapesforma strengeinstrument ein speler på med små hammarar. Hans nysgjerrigheit overfor ulike sjangrar førte til at han studerte både klassisk og jazz, i tillegg til opphavet til den klassiske iranske musikken. Desse ulike innfallsvinklane har fått Hosseiny Panah til å konkludere med at trass i sjangranes kontrastar, er det eit musikalsk språk som kan foreine alle dei tre greinene. Han blei uteksaminert frå Universitetet i Teheran i 2013, og gjekk nyleg ut av Norges musikkhøgskole med sin andre mastergrad. I tillegg til å bli invitert som solist med ulike orkester og band, har Hosseiny Panah også skrive fleire bestillingsverk som komponist og arrangør.

Artikler relevante