Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Tre komposisjons-studentar skriv for Oslo-filharmonien

Kollasj av Olivia Køppe Christoffersen, Fredrik Storsveen og Martin Korssletten

– Vi er utruleg stolte over å ha få til dette, og det betyr mykje for både norsk operautdanning og også for norsk komponistutdanning, skriv Kunsthøgskolen (KHiO) på nettsida si.

Det er absolutt ikkje kvar dag at komponistar i 2023 får framført verk av symfoniorkester, og desto meir stas er det når sjølvaste Oslo-filharmonien finn saman med unge komposisjonsstudentar i eit felles prosjekt.

Betyr mykje

Onsdag 14. juni har dei verdspremiere på tre stykke av avgangsstudentane Olivia Køppe Christoffersen, Fredrik Storsveen og Martin Korssletten. Konserten skjer på Kunsthøgskolen, i samarbeid med Operahøgskolen og sju avgangsstudentar derifrå. Sopran Karen Mathilde Heier Hovd er også tidlegare NMH-student.

Komponistane har fått rettleiing av NMH-professor Henrik Hellstenius, som har lang erfaring med tverrkunstnarlege prosjekt. Også KHiO er svært stolte av samarbeidet, og skriv på heimesida si at prosjektet betyr mykje både for opera- og komposisjonsutdanninga i Noreg.

Brei erfaring

Dei tre avgangsstudentane frå NMH har bakgrunn frå ei rekkje ulike disiplinar i samtidsmusikken – teater, dans, elektronikk, performance, symfonisk musikk, kammermusikk, installasjonar og mykje meir, ifølge omtala til Oslo-filharmonien. Kva kjem komponistane til å få ut av eit heilt symfoniorkester med operasolistar, og alle desse formata i ryggsekken?

Dei tre verktitlane avslører ikkje for mykje med namna «Mitchell’s Comet», «Where did it lead as it led nowhere?» og «Las Vegas», men dei vekkjer definitivt nysgjerrigheit. I tillegg speler OFO musikk av Ludvig Irgens-Jensen og Johan Halvorsen.

Les meir om komponistane på heimesida til OFO.

Artikler relevante