Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Doglover95: – Utfordre systemet!

Tobias Grønborg står i et rom fullt av diverse instrumenter, med en laptop i hendene.

Tobias Grønborg trur NMH treng irriterande studentar som pushar. Doglover95 ønsker at hiphopen skal bli tatt seriøst i akademia.

Kan ein ha NMH-utdanning og samtidig bli kalla rappar i media? Tydelegvis, om vi skal sjå på karrieren til Tobias Grønborg, også kjend som Doglover95. Sjølv kallar han seg mest produsent og komponist.

Tobias gjekk ut frå Det frie (og noko mystiske, vil nokre kanskje seie) bachelorstudiet (FRIBA) i 2023. Parallelt med studiestart i 2019 gav han ut soloplate. Han oppsummerer virket sitt som det å pusle saman ting.

– Ikkje vere best på éin ting, men på samansettingar, fortel han – ikkje atypisk for FRIBA-studentane. For eksempel designar han eigne platecover, øyredobber og klede, og regisserer eigne musikkvideoar.

– Eg gjer som oftast nesten alt på mine eigne utgivingar. 70 prosent av instrumenta, anslår han.

Tobias har ikkje berre hatt timer i komposisjon ved NMH, men også i regi. Han har regissert og klippa kunstfilmen «Glemte hager, rikere flora» (vegascene.no) som blei send på Vega kino. Der er musikken sjølvsagt også hans eigen, og det er tydeleg at Tobias er godt rusta for å jobbe tverrfagleg. Han nemner raskt innverknad frå artistar som jobbar konseptuelt og lagar ei heil verd rundt musikken sin.

Tobias Grønborg med caps og headset som spiller i et mørkt rom.

Konseptuelt vs. fengande

Korleis ser eigentleg vegen ut fram til allsidig musikkprodusent, utøvar og regissør?

Tobias byrja på kulturskolen med klassisk slagverk; pauker og marimba, og ifølge han sjølv – litt halvhjarta engasjement. Det var på folkehøgskolen Toneheim at komposisjon verkeleg blei eit av faga hans, og komposisjonslærar Rune Rebne guida han både der og på Musikkhøgskolen. Rebne er førsteamanuensis i komposisjon og skriv ganske annleis musikk enn Tobias, kan ein påpeike. Det var ikkje noka hindring.

– Det var sjangerfri undervisning, større kontekstar og generell komposisjon og låtskriving. Eg synst det er sjukt mykje fellesnemnarar.

Du blir ofte beskriven som hiphop-artist eller rappar. Korleis ser du sjølv på musikken din?

– Med rot i eksperimentell hiphop, kanskje. Men det har nok meir med mindset å gjere. Å ha ein fot i noko fengande og den andre i noko utfordrande og rart. Ein må ha med nokre element for å dra folk inn.

Låtene kan likevel bli ganske ulike fordi albuma er såpass konseptuelle, meiner han.

– Det ville vore unaturleg om det berre var éin sjanger.

Sjangeren er «ikkje nokon sjanger»?

– Ja, eller elektronisk vridde akustiske instrument og låtskriving, ofte med rytmisk hiphop-vokal.

Nærbilde av Tobias Grønborg med headset og caps.

Avsløring av klisjear

Tekst er veldig viktig for Tobias. Så viktig at han har bytta språk frå engelsk til norsk – først og fremst for å «tvinge» lyttaren til å høyre på det han seier. Det første norske albumet er berre eit par månadar unna.

– No må folk faen meg høyre etter når eg seier noko, ler han.

Korleis er det å jobbe med norsk i staden for engelsk?

– Du blir avslørt mykje fortare, det er klisjear du ikkje kan bruke. Det er mange som slepp unna med mykje dårleg engelsk.

Det blir viktigare å finne riktige synonym og bruke vokabularet sitt, trur han. Han har sjølv brukt tid på å skrelle vekk hiphop-klisjeane, med rettleiing frå mellom anna Sidsel Endresen og poet og forfattar Fredrik Høyer.

Eit uttrykk for samtida

Sjølv om Tobias har funne gode råd på NMH, kan ikkje skolen skryte av eit bognande hiphop-miljø. Når vi spør om korfor han likevel valde å studere her, svarer han kontant:

– Fordi eg synst det burde vere det! Hiphop er eit veldig breitt omgreip, som folk ofte kan fnyse av i konservative sirklar, fordi det ikkje forheld seg til ein akademisk lingo, legg han til. – Det er utruleg dumt, for det seier ingenting om djupna i sjangeren.

Du kan kalle det å lage beats, men du kan også seie at du lagar loopbaserte rytmiske komposisjonar med repetitiv harmonikk, med eit fokus på tekstleg narrativ og mikrovariasjonar i tekstur over tid.

Tobias Grønborg Artist og produsent
Portrett av Tobias Grønborg fra froskeperspektiv foran mønstrete vegg.

Han kjem med eit eksempel:

– Du kan kalle det å lage beats, men du kan også seie at du lagar loopbaserte rytmiske komposisjonar med repetitiv harmonikk, med eit fokus på tekstleg narrativ og mikrovariasjonar i tekstur over tid.

Bullshit-gatekeeping, kallar han det. Samtidig understrekar han at det også er kunstmusikken han er opptatt av, og balansen mellom det intellektualiserte og det intuitive.

– Eg synst det er på sin plass at hiphop tar inntog i akademia. Det er jo ein av dei største sjangrane i verda akkurat no, og eit uttrykk for samtida.

Tobias Grønborg spiller på en mørk scene.

Kriga

Tobias bruker ofte klassiske instrument i innspelingane sine, og trur det kan vere eit resultat av å ha vore i NMH-miljøet. Han jobbar gjerne med andre musikarar frå FRIBA-studiet, som Sunniva Shaw, Bendik Baksaas, Josef Zachariassen, Una Aurora Venås og Live Hanken. Er det noko spesielt som gjer at desse musikarane finn saman, anna enn felles studieprogram?

– Det alle har til felles er at vi ikkje har noko til felles. Om det er svartmetall, slampoesi eller hyperpop så er fellesnemnaren at alle prøver å uttrykke seg og skape noko originalt.

Det å vekse fram noko eige frå seg sjølv ligg ikkje alltid i eit konservatorium sin natur, trur han, i alle fall ikkje i grunnutdanninga.

Eg synst det er viktig å kjempe for at NMH tar inn folk med forskjellige bakgrunnar og forskjellige sjangrar. Da treng ein irriterande studentar som pushar.

Tobias Grønborg AKA Doglover95
Tobias Grønborg sitter på toget med laptop i fanget.

Å få vise fram arbeida sine til likesinna medstudentar hadde stor verdi i løpet av studia. Han er opptatt av valfriheita FRIBA-studiet gir – så opptatt at han melde seg inn i programutvalet for å sikre bevaringa av det.

– Eg kriga for det, fortel Tobias, som samla inn signaturar og skreiv brev da moglegheita til å få rettleiar utanfor skolen blei foreslått innskrenka. At han fekk ha timer med regissør seier han var avgjerande for det at han hadde sjølvtillit til å lage film.

– Eg synst det er viktig å kjempe for at NMH tar inn folk med forskjellige bakgrunnar og forskjellige sjangrar. Da treng ein irriterande studentar som pushar.

Tobias Grønborg med rigg til konsert i Vigelandsmuseet.

Navigerte

I dag er han frilansar på fulltid, med både produksjon av album for andre artistar og solojobbing, samt teaterkomponist. Arbeidet med film og bilete har hjelpt han å ha fleire bein å stå på.

Har du nokon tips til andre ikkje heilt typiske musikkhøgskole-studentar?

– Å tore å bli utfordra, men også å utfordre systemet. Finne riktige folk å jobbe med.

Tobias har erfart at det er mykje kunnskap å hente, berre ein klarer å navigere i det han kallar ein tidvis konservativ institusjon.

– NMH-mentorane har vore sjukt givande for meg.

No skal han på turné – med åtte PC-skjermar, eit 90-talskamera og ein haug med plastilin-figurar. Ikkje overraskande blir det nok eit tverrfagleg prosjekt, denne gongen på Vigeland-museet. Både tekst, teater og film er også meir eller mindre direkte involvert.

– Både elektronisk livemusikk, litt Bergman og Billy Elliot, stop-motion og mykje greier. Audiovisuelt, konkluderer han.

Elskar du hundar på ordentleg?

Han humrar og bekreftar at det stemmar.

– På ein måte er det eit dumt internett-alias. Men det er også heilt genuint, eg elskar hundar. Det representerer pur kjærleik.

Artikler relevante