Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ein vev av tradisjonar

Frå venstre: Eir Vatn Strøm, Kenneth Lien og Levina Storåkern.

Dei er multi-instrumentalistar, komponistar og prisvinnarar. Og framleis studentar på NMH.

Ikkje heilt folkemusikk, ikkje heilt elektronika. Ikkje pop eller jazz heller. Ikkje heilt svensk, ikkje heilt norsk. Men går det eigentleg an å lage noko nytt i vår tid?

Det kan verke som at bandet Ævestaden får til akkurat det. Kanskje den bragda er ein av grunnane til at dei stadig får prisar kasta etter seg.

«När två länders traditioner vävs ihop uppstår något nytt som är både är originellt, vackert och skimrande,» skreiv Manifestgalan-juryen om plata «Solen var bättre där».

Dei kallar musikken både klangrik og suggesiv.

Plata blei kåra til årets folkemusikk på den svenske festivalen i mars 2024. Tidlegare vinnarar er Sara Parkman, Anna Ekborg og Lena Jonsson Trio dei siste åra. Fjorårets vinner, Parkman, blir nemnt som ein viktig påverknad i eit intervju hos Deichman.

Klare for Sverige

Musikarane fortel at prisen er ekstra verdifull fordi dei tidlegare har fått mest merksemd i Noreg.

– Ettersom vi skriv låtar på både norsk og svensk og er inspirert av både svensk og norsk folkemusikk, betyr det veldig mykje for oss å få anerkjenning i Sverige også, seier svenske Levina Storåkern.

Ho håpar at utmerkinga vil gjere det enklare for dei å få spele meir i hennar heimland og at musikken finn fram til fleire svenske lyttarar.

Ess i ermet

Før har Ævestaden fått Folkelarm-prisen, Edvard-pris og NOPA-stipend, og spelt på By:Larm, Førdefestivalen, VillVillVest, Festspillene i Bergen og Midgardsblot. Dei tre medlemmane listar opp ein haug instrument på heimesida si: munnharpe, vokal, kraviklyre, kuhorn, fele, kantele, elektronikk.

– Vi har eit ess i ermet som handlar om instrumenteringa vår. Av tilfeldige årsaker har vi kunna inkorporere sokalla eldre folkemusikkinstrument som grunnpilar i vår sound. Dette er jo tidlegare blitt gjort av til dømes Wardruna, men vårt uttrykk skil seg frå deira ved at vi har med synthlydar og opererer i ein sjanger som lenar seg meir mot pop, vise og folk, fortel dei.

Vi bruker instrument som allereie er lite brukte og vi bruker dei på ein måte som ingen har gjort før oss.

Ævestaden til NMH

– Denne instrumenteringa skapar ei kjensle av tidløyse, sjølv der tekstane har eit innhald som reflekterer samtida meir direkte. Vi bruker instrument som allereie er lite brukte og vi bruker dei på ein måte som ingen har gjort før oss.

Tusenkunstnarar

Det er kanskje ikkje så underleg at både Levina og Eir Vatn Strøm no studerer på Det frie masterstudiet på NMH, der ein får moglegheita til å kombinere ulike sjangrar eller vere multi-instrumentalist. Sistemann, Kenneth Lien, tar master i folkemusikk med munnharpe som hovudinstrument, men er ikkje noko mindre allsidig av den grunn. Han har mellom anna mala biletet som prydar coveret på den prisvinnande sisteplata.

Jobbar de med Ævestaden i masterprosjekta deira?

– Mitt masterprosjekt er å skrive låtar innanfor eit elektronisk og folkemusikalsk felt, der det er naturleg for meg å både skrive for mitt eige prosjekt og Ævestaden. Eg er glad for å kunne inkorporere begge i mitt arbeid slik at eg får fleire ting å bryne meg på musikalsk, forklarer Eir.

Begge dei frie masterprosjekta har låtskriving som sentralt tema. Levina utdjupar:

– Sjølv om prosjektet mitt handlar om låtskriving, og sjølv om eg ikkje skriv så mange låtar for Ævestaden gjennom mitt prosjekt, så høyrer jo alt saman med alt heile tida. Å spele såpass aktivt i band parallelt med masterstudia, slik eg får gjere med Ævestaden, er eit utruleg inspirerande tilvære. Da blir eg konstant minna på kva ei låtskisse kan bli til som ferdig produkt i ein live-samanheng.

Les mer