Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Folkemusikk er blitt hipt på nattklubb

Leikarringen i BUL Oslo dansar på Karl Johan kvart år på 17. mai, og hadde rekordmange deltakarar i 2023. 160 dansarar deltok. Foto: Thor Hauknes / Leikarringen BUL Oslo

Engasjementet for folkemusikk og folkedans blomstrar i hovudstaden. Dei ulike arrangørane jublar – og klør seg i hovudet.

Ser vi ei ny bølgje for folkemusikk og folkedans?

– Eg håpar jo det, skrattar Torbjørn Lauen. Han er styreleiar i Noregs Ungdomslag, og leiar for Leikarringen i Bondeungdomslaget Oslo, ei gruppe som møtest kvar veke for å danse norsk folkedans.

Det siste året har det skjedd noko uventa i Leikarringen – rekrutteringa har teke heilt av. Våren 2022 var det rundt 15–20 deltakarar på kvar samling. No er det i snitt 50 dansarar kvar veke – og det har på det meste vore 76 deltakarar på éi øving.

– Vi har som regel rundt ti ferske fjes på kvar øving, som knapt har gått eit dansesteg før. Stort sett kjem dei utanfrå folkedansmiljøet. Eg veit ikkje heilt kvar interessa kjem frå, for å vere ærleg, men det er noko som rører seg i fleire ulike miljø, kan det virke som, seier Lauen.

Ved årsskiftet hadde Leikarringen 222 medlemmer, mot 140 for to år sidan.

– For ti år sidan var det snakk om at ein kanskje skulle leggje ned heile Leikarringen i Oslo, fortel Lauen.

Frå arena til arena

Leikarringen er langt frå den einaste arenaen for folkekultur som har opplevd eit forrykande trykk det siste året. Over heile linja er det populært som aldri før med folkemusikk og folkedans i hovudstaden.

Grunnen til det er eit lite mysterium, og det finst mange teoriar på kvifor. Lauen fortel at han har prata med nye deltakarar som hadde fått ein meir open kalender etter pandemien, og som såg høve til å prøve noko nytt. At bølgja har slått ned på så mange folkemusikkarenaar, trur Lauen kan kome av at dei forskjellige tradisjonsarenaane i hovudstaden snakkar varmt om tilboda til kvarandre.

– På Tuvas Blodklubb kan dei til dømes seie, «vil du danse meir, så reis på leikarring-øving!», og så kan vi her på Leikarringen tipse om Hallinglaget for dei som har lyst til å lære hallingspringar.

Bachelorstudentane i folkemusikk ved NMH har merka auka interesse for folkemusikk- og dans. Bak: Anna Russnes, Une Lorentze Onarheim, Signe Dorthea Krohn Gjessing, Sigyn Sjølie Sandegren, Åsmund Farstad, Runa Kvalheim, Sindre Tronrud, Vera Sonne. Framme: Unni Løvlid, Martin Steinum Brun, Åsmund Soldal og Trygve Liahagen. Foto: Julie Garmo / NPK

Populært nattklubb-konsept

Blodklubb er ein nattklubb på folkemusikk- og folkedansscena i Oslo, Riksscenen. Konseptet inneheld dansekurs, dansespel og folkemusikk-DJ-ar, og samlar kvar månad hundrevis av både unge og eldre til dans og spel.

Kuratoren sjølv, musikaren Tuva Syvertsen, kjent frå bandet Valkyrien Allstars, fortel at konseptet har kome langt sidan oppstarten for fem år sidan.

– I byrjinga måtte eg ringe rundt til venner og «tvinge» dei til å kome på klubb. Folk kom på dugnad, det var kanskje hundre personar kvar gong, seier ho.

No treng ho ikkje å ringe lenger. Februarutgåva av Tuvas Blodklubb var utseld fleire dagar i førevegen.

Opnar døra til ei ny musikkverd

Det var etter koronapandemien at interessa verkeleg tok av, ifølgje Syvertsen.

– Unge folk hadde behov for å vere saman. Det er feitt at folk er nysgjerrige. På ein måte er det for bra til å vere sant – eg hadde ikkje trudd på det om nokon hadde fortalt meg dette for fem år sidan. No lever konseptet litt sitt eige liv, seier ho.

Syvertsen er ikkje «fødd» inn i folkemusikken slik som mange andre i miljøet, men oppdaga han sjølv som ungdom. Med klubben sin prøver ho å opne ei dør inn til eit miljø som kanskje ikkje er så lett å oppdage på eiga hand.

Både ho og Lauen i BUL trur at mykje av interessa kjem av at ordet spreier seg. Folk tek med seg ein ven, som deretter tek med seg ein ny ven. Syvertsen trur òg at noko av interessa kjem av at folk er gira på å høyre noko dei ikkje har høyrd før – gira på å bli tekne inn i ei ny verd.

– Det er gledeleg å vere vitne til at tradisjonell bruksmusikk funkar som han alltid har gjort. Vi har lett for å tenkje på oss sjølve som moderne menneske, men vi er knytte til fortida og til tradisjonen gjennom folkekunsten.

Frå venstre: Une Lorentze Onarheim, Sigyn Sjølie Sandegren, Runa Kvalheim, Trygve Liahagen, Sindre Tronrud, Signe Dorthea Krohn Gjessing, Åsmund Farstad. Foto: Julie Garmo / NPK

Fascinasjon for tradisjon

– Folk er gærne etter å danse, seier Signe Krohn Gjessing.

Ho er folkemusikkstudent ved Noregs musikkhøgskole (NMH), og har merka oppsvinget i miljøet godt. Folkemusikarane ved høgskulen blir bedne om å spele eller syngje til dans rett som det er.

– Folkemusikk er hipt. Det har blitt kult, seier studiekamerat Trygve Liahagen.

Krohn Gjessing trur det heile kan vere ein del av ei trendbølgje ein har sett i åra etter koronapandemien, der tradisjonsverk som til dømes strikk og bakst har vorte meir populært.

– Det kan henge saman med ein fascinasjon for å ha ein tradisjon, seier Krohn Gjessing.

Frå eksotisk til utopisk

Fyrsteamanuensis ved NMH, Unni Løvlid, var sjølv folkemusikkstudent ved skulen på 90-talet. Ho opplevde at folkemusikarane på den tida vart sett på som eksotiske, og at dei ikkje hadde ein like naturleg plass på høgskulen som dei som studerte jazz eller klassisk. I dag er situasjonen heilt annleis.

Eg går rundt og observerer folkemusikkstudentane, så tenkjer eg at dei er så utruleg heldige. Det er så mange punkt som har ført fram til dit vi har kome i dag.

Unni Løvlid Fyrste­ama­nu­en­sis i folkemusikk, NMH

– I dag er folkemusikarane likeverdige med kva som helst slags uttrykk. Når ein får lov til å gå inn i eit rom og berre høyre til, så opnar det opp for nye faglege samtaler og nye former for kommunikasjon. Og så gjev det igjen ein ringverknad.

Løvlid fortel om musikalske samarbeid på tvers av sjangrar, om folkemusikk- og folkedansfag der nesten alle som tek faget kjem utanfrå folkemusikken, og om folkemusikk-kurs for heile skulen kvart år. Engasjementet for tradisjonskulturen er stort.

Kva ville du tenkt om dagens situasjon i folkemusikkmiljøet da du sjølv var student?

– Det ville verka heilt utopisk, og det var sjølvsagt ein draum. At det skulle vere så mange studentar som det er no, på eit folkemusikkstudium i Oslo – er det mogleg? spør Løvlid.

– Eg går rundt og observerer folkemusikkstudentane, så tenkjer eg at dei er så utruleg heldige. Det er så mange punkt som har ført fram til dit vi har kome i dag. Og sjølvsagt skal vi vidare og utvikle oss endå meir.

Les meir