Når Gjermund komponerer i dag, tek han fela, pianoet eller trørogelet fatt, startar opp eit innspelingsprogram på dataen, eller opptakaren på telefonen, og så spelar han.
– Eg startar ofte slik, og så går eg gjennom opptaket etterpå, eller så får eg ei kjensle undervegs av at det er eit motiv eg kan jobbe vidare med. Eg bruker som regel ganske lang tid på å bli ferdig med ein låt, dei må ofte ligge og modnast i lang tid, sjølv om nokre kjem fort. Som regel lager eg ein liten del, og så legg eg det bort og tek det fram igjen eit halvt år seinare, seier han og legg til:
– Men ein må bare byrje å leite etter tema, stemningar eller akkordprogresjonar som gjev inspirasjon til å jobbe vidare. Det viktigaste er å bruke tida, å faktisk sette seg ned. For min del er det gjerne frå morgonen av, og så eit par timar framover. Det er som å øve på eit instrument. Det ligg frykteleg mange timar bak. Så ein må vere tomodig, seier han.
For mange folkemusikarar har overgangen frå student til yrkesutøvar vore glidande. Det har den også for Gjermund.
– Å øve, lage musikk og spele er jo framleis det eg driv på med, seier han.
Han trur også han blei godt rusta til arbeidslivet sitt av å gå eit soliststudium, som diplomstudiet er.
– Det å vere solist er også ein måte å tenkje og opptre på. Du må ha eit detaljfokus som du kanskje ikkje har på same måte om du er bandmedlem eller har nokon framfor deg som kan ta støyten.
Gjermund fortel at det å vere frontfigur, eigentleg aldri har lege heilt naturleg for han.
– Eg har vekse opp med å spele andrefele, der eg kunne gøyme meg og improvisere. Å vere solist er krevjande på mange måtar. Du skal ha teknisk overskot, takle eit litt heftigare press, formidle eigen musikk, og ikkje minst snakke. Så det å stå i front med alt det inneber, var kanskje det viktigaste eg lærte på diplomstudiet. Det var starten på mykje av det eg har gjort i ettertid. Og det er nok takka vere at eg tok sjansen, fortel Gjermund.