Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Folkemusikkstudiet 30 år

-
Kollasj av alle medvirkende på folkemusikkstudiets 30-årsjubileums-festival.

Studieåret 2025/26 markerer folkemusikkstudia ved NMH 30 år! Dette feirar vi frå morgon til kveld med gallakonsert og andre konsertar, presentasjonar, kurs og samtaler saman med med gjestar, og tidlegare og noverande studentar og tilsette.

Charlotte Wiig, Roger Vie Hansen, Elisabeth Emmerhoff, Knut Utler, Idun Emilia Lervik, Karina Krokaa, Oddleiv Apneset, Linnea Syversen, Marius Beck Dahle, Tudor Belei, Jonathan Kaiser, Jonas Sjøvaag, Cathrine Dokken, Paragon, Martin Losvik, Thor Hauknes, Amanda Iversen Orlich, Alana Proosa, David Engmo, Flora Wiederkehr, Janne Hoem

– Vi er stolte over å vere del av heile det fagmiljøet NMH er, å i dag ha meir enn 90 alumnar (tidlegare studentar), og måten den enkelte lever folkemusikken sin vidare i sine kunstnarliv, seier leiar av folkemusikkutdanninga på NMH, Unni Løvlid.

Desse flotte folkemusikarane ynskjer vi å lyfte fram på denne festdagen. Studentane er det som er studiet til kvar ei tid.

Unni Løvlid

I 1995 oppretta NMH studiet utøvande bachelor i norsk folkemusikk. Dette var ei sak folkemusikkmiljøa hadde jobba hardt for over fleire år for å få til. Studiet hadde to studentar som kvote, og professor Sven Nyhus var leiar. Saman med professor Jon Faukstad og fleire, bygde dei eit folkemusikkmiljø innad NMH som har blomstra vidare i eit hav av retningar.

I dag tilbyr NMH folkemusikkstudium på bachelor, master og ph.d.-nivå, og du kan som folkemusikar søkje deg inn på TUP, komposisjon, dirigering, musikkterapi, dei frie studia med meir. Det hadde vi aldri tort å drøyme om i 1995.

Praktisk info

All aktivitet vil vere open for publikum.

Programmet er ferdig ca. kl. 22:00.

Konserter Kommende

Nyheter relaterte

Publisert: 10. des. 2025 — Oppdatert: 23. jan. 2026