Men me spolar litt tilbake, til bachelorstudenten Sivert. Han fortel at det var der han blei betre til å øve, betre på instrumentet og fekk eit godt overblikk over hardingfelerepertoaret.
Støttefaga likte han også godt, som gehør og musikkteori. Timane med Olav Sæta i transkripsjon var noko han sette spesielt stor pris på.
– Musikalsk sett var utdanninga kjempegod. Men eg trur det mangla mange ting for å førebu folk på å bli yrkesmusikarar. Det var lite fokus på korleis ein kan strukturere arbeidskvardagen, manøvrere i søknadsskriving og slike ting. Kanskje var det ei litt «happy-go-lucky-innstilling» til livet som venta etterpå, seier Sivert.
– Dei som takla det sklei kanskje rett over i yrkeslivet. Men eg følte vel at eg ikkje fekk alle verktøya eg trengte. Dei fekk eg seinare, ved at eg til dømes jobba med å administrere eit sommarkurs, seier han.
Sivert kunne også kjenne på eit forventningspress, og at han blei målt i prestasjon, noko han meiner hang litt saman med eit noko kappleiksorientert fokus på studiet den gongen.
– Kvar gong eg tok opp fela, følte eg at eg ikkje kunne leve opp til forventningane folk hadde til meg. Eg stilte nok ganske store krav til meg sjølv også, så det var nok ein kombinasjon. Men eg taklar, eller har takla, forventningspress ganske dårleg, seier han.
– Eg hugsar interpretasjonsfaget som eit slikt fag der folk nærmast kunne få samabrot av å spele, seier Sivert.
Utan at Sivert trur han var den som blei mest prega, kan han hugse den kroppslege kjensla av vond nervøsitet. Men noko hadde skjedd då han starta på master.
– Det handla ikkje berre om meg og mitt indre liv, men det hadde i stor grad skjedd ei kulturendring. Ein ny metode blei innført, og det var bevisstheit rundt korleis ein skulle bygge god atmosfære og gje skikkelege tilbakemeldingar, så ein kunne utvikle seg som individuelle musikarar saman.
Men alle åra var veldig ulike, og Sivert hadde mykje utbytte av dei ulike studentane han fekk vere på NMH samtidig med.
– Til dømes hadde eg ekstremt stort utbytte av at Synnøve Bjørset gjekk master mens eg var bachelorstudent. Ho var veldig raus. Eg kunne invitere ho inn på øvingsrommet og ho høyrde på og kom med tilbakemeldingar. Om det er noko eg saknar i dag, så er det denne fagnerdinga og det detaljfokuset, seier Sivert og legg til:
– Det har tatt meg kjempelang tid å forstå at ikkje alle har ei interesse av å liksom dykke ned i ting. Eg har tenkt at alle menneske har det, men slik er det ikkje. Likevel er dette noko mange musikarar har til felles. Men så er det uendeleg mange måtar å gjere det på.