Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Hamskiftaren

Renessansen, men ikkje den du trur. Trina Coleman reiser til Harlem på masterkonserten sin.

Ho har studert på eit koruniversitet, er songlærar på Universitetet i Innlandet, og har frilansa i mange år. Men no er tida inne for amerikanske Trina Coleman å gå sin eigen veg.

Mange lag

Trina blei introdusert for Harlem-renessansen av ein lærar på vidaregåande. Omgrepet refererer til oppblomstringa av afrikansk-amerikanarar sitt kulturelle og intellektuelle liv i USA mellom 1920 og 1940.

– Han viste meg korleis desse musikarane fekk lov å spele på scena, men ikkje sitje blant publikum, fortel ho.

– Og at det var fødestaden til jazzen slik vi kjenner han. Det er min historiske favorittperiode, utan tvil!

For Trina har interessa for perioden fleire lag, fordi ho sjølv også har både afrikansk-amerikansk og europeisk bakgrunn. Det har dei to andre songarane ho jobbar med òg.

– Det er ei djuptgåande oppleving, fordi vi prosesserer ei felles erfaring frå ulike synsvinklar. Eg håpar den sårbarheita kan høyrast i musikken.

Trina fortel at Harlem-renessansen var svært viktig for afrikansk-amerikansk identitet, da han også var fødestaden til den filosofiske bakgrunnen for borgarrettsrørsla.

Det er ei djuptgåande oppleving, fordi vi prosesserer ei felles erfaring frå ulike synsvinklar. Eg håpar den sårbarheita kan høyrast i musikken.

Trina Coleman, songar

Masterprosjektet hennar handlar om det å vere frå ulike stadar.

– Det har gjort meg til ein slags hamskiftar. No prøver eg å nøste opp i alle påverknadane og samle dei saman igjen på ein meir bevisst måte.

Ho beskriv det som å ha vore i eit nett.

– Eg løyser det opp og flettar det til eit tau som eg kan bruke på mitt eige vis.

Ut av komfortsona

Konserten til Trina har fått namnet «Weary Blues: Poetic Texts from the Harlem Renessance».

Å formidle denne kunsten og kunnskapen til publikum er også ei viktig oppgåve for ho.

– Det er så avgjerande for å elske og forstå den tradisjonelle jazzen.

Weary Blues: Poetic Texts of the Harlem Renaissance

Trina Coleman presenterer ein orginal serie utvalde tekstoppsett av Harlem-renessanse-poet Langston Hughes.

Les meir

Ho har merka seg at studentane, akkurat som skribenten, ikkje veit så mykje om Harlem-renessansen som ein skulle tru på ein musikkhøgskole. Ho brukar ei standardlåt frå jazzen som eksempel:

– At «Take the "A"-train» er basert på å komme seg til Harlem for få tak i alkohol under forbodstida.

På konserten skal musikarane framføre Trina sine eigne låter, med tekst av Harlem-renessanse-poet Langston Hughes. Medmusikar Siv Misund er operasongar, mens Camilla Tømta har rolla som blues-alibi. Trina står for sjølv for jazzsongen, og seier ho elskar korleis dei syng saman og slik vev i hop ulike påverknadar.

– Dei er så fantastiske utøvarar at det kjem til å bli ein fest, seier ho fornøgd.

Det er ikkje så ofte ein høyrer klassiske musikarar og blues-musikarar spele saman?

– Det einaste som skiljar oss er eigentleg frykt. Mens eg er litt besett av å halde meg i midten.

Harlem-renessanse-poet Langston Hughes.

Trina leiar to kor – det eine meir klassisk og det andre mest rytmisk. Ein del av masterprosjektet hennar er også å få dei to kora til å fungere i ei felles framføring.

– Eg vil at dei skal halde på sine tradisjonar og styrkar, og komponere for dei slik. Men når vi øver vil eg pushe grensene deira litt, så dei tar risikoar og får oppleve løna.

Eit vindauge inn

Ho kallar Hughes sin poesi ein refleksjon av musikken frå perioden.

– Noko av ideen bak Harlem-renessansen var at så mange ulike ting kom saman og blei til noko anna.

Ifølge Trina finst det djup refleksjon i tekstane – og tankar om identitet som alle kan kjenne seg igjen i, uansett kva for bakgrunn ein har.

– Vi er alle meir enn vi ser ut som. På den måten har vi alle eit slags vindauge inn i dette temaet.

Artikler relevante