Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Honorary Fellowship til Peter Tornquist

Peter Tornquist tildeles Honorary Fellowship ved RNCM, iført kappe, lue og munnbind

Tidlegare NMH-rektor Peter Tornquist er utnemnd til æresmedlem av Royal Northern College of Music (RNCM) i Manchester.

Seremonien fann stad onsdag 3. desember, og hovudpersonen sjølv kallar det ei stor ære.

– Utnemninga er ei anerkjenning av kvaliteten i alt Musikkhøgskolen gjer, og at det blir lagt merke til internasjonalt. Så er det eg som får æra, då, seier han.

– I talen trakk dei fram at NMH har stått for kreativitet og innovasjon i høgare musikkutdanning, som for eksempel det frie kandidatstudiet. Skulen gir stort rom for kunstnarisk utviklingsarbeid, og lar studentane prøve ut ulike roller ved det å vere musikar, seier Tornquist.

På Facebook skriv han at han er sikker på at prisen vil bidra til eit enda tettare samarbeid mellom RNCM og hans eige to musikalske heim; Norges musikkhøgskole og Yong Siew Toh Conservatory of Music.

Tornquist var rektor på Musikkhøgskolen i perioden 2013–2021, og i februar reiser han til Universitetet i Singapore for å overta stillinga som dekan og leiar for Yong Siew Toh Conservatory of Music.

Helfigur - Peter Tornquist holder tale når han tildeles Honorary Fellowship ved RNCM
Foto: Privat

Artikler relevante