Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Komponerer kosmos

El-bassen hamna i klesskapet da Olivia oppdaga komposisjon. No komponerer ho kosmos.

Tysdag 15. oktober er det klart for haustens sinfonietta-konsert på Musikkhøgskolen. Det blir heile to urframføringar – mellom anna av masterstudent på komposisjon, Olivia Køppe Christoffersen.

Danske Olivia har gått på NMH sidan 2018, og etter mange år som komposisjonsstudent har ho plutseleg berre i underkant av eit år igjen.

– Eg byrjar å bli ferdig, seier ho litt nølande, og rettar på seg sjølv: – Eg skal byrje på å byrje å bli ferdig.

Aha-oppleving

Hovudinstrumentet til Olivia er el-bass – ikkje det mest vanlege for ein samtidskomponist. Riktignok fortel ho at bassen fort blei sett i klesskapet da ho oppdaga det å skrive musikk.

– Han har eigentleg ikkje kome ut derfrå enno, ler ho.

Trass at ho byrja med eit sokalla rytmisk instrument, trur ho ikkje at musikken hennar er spesielt påverka av den sjangeren. Og ho har spelt alt frå Motown til kontrabass i symfoniorkester.

– Eg trur at bakgrunnen min er at eg har spelt masse forskjellig. Eg har fått lov å vere innom nesten alt.

Først sa eg: Eg skal ikkje lage noko sånn rar musikk! Og så gjekk det tre månadar, og «aha».

Olivia Køppe Christoffersen, komponist

Da Olivia byrja med komposisjon oppdaga ho fort samtidsmusikken.

– Først sa eg: Eg skal ikkje lage noko sånn rar musikk! Og så gjekk det tre månadar, og «aha».

Ho trur at samtidsmusikken kan vere litt utilgjengeleg. Ho meiner at ho trengde nøkkelen til korleis å forstå han, og da fann ho ein ny måte å lytte på.

– Etter eg skjønte det, blei eg veldig nyfiken på å gjere det sjølv.

No beskriv Olivia klang og klangkvalitetar som noko av det ho er mest opptatt av, i tillegg til dramaturgi og form.

– Å endre på klangane kontinuerleg og å jobbe med tid og spenning inn og ut.

Musikkhøgskolens sinfonietta

Musikkhøgskolens sinfonietta speler musikk av komposisjonsstudentar, Buckholt, Ligeti og Benjamin.

Les meir og kjøp billett

Overveldande

I skrivande stund har ikkje Olivia høyrt sitt eige stykke enno, og er naturleg nok spent på korleis det kjem til å bli. Verket har fått namnet «The Largest Planet Is a Star That Failed».

Komposisjonen høyrer til masterarbeidet hennar, som ho har kalla «Composing Cosmos».

– For nokre år sidan byrja eg å trekkje inn andre interesser i komponeringa mi, seier ho og legg til at ho er veldig opptatt av astronomi.

I dei siste verka sine har ho brukt arkivopptak frå NASA og videoar frå månelandingane.

– Det er så valdsamt og overveldande å forhalde seg til.

Ho vil gjerne få fram dette valdsame i musikken sin.

Musikarar på speed dial

Ho ønsker at kvart verk har si eiga verd. Difor jobbar ho stadig meir med utvida speleteknikkar, og dette er det orkesterverket ho har skrive med mest omfattande bruk av dei.

Erfaringa hennar seier at det kan finnast motstand blant musikarar når ein komponist ber dei vende opp ned på speleteknikkane dei har perfeksjonert i årevis. Den motstanden forstår ho.

– Men eg opplever også at nokon synest det er gøy når dei får lov å ta litt eigarskap til det.

I sinfoniettaen håper ho at musikarane verkeleg går inn for å fargeleggje dei ulike lydlandskapa i klangkarakterane ho har funne. At dei høyrer på kvarandre og får fram spenningane.

Det må vere vanskeleg å skrive utvida speleteknikkar for instrument du ikkje speler sjølv?

– Ja, ein må ha nokre musikarar på speed dial, fortel ho.

Å vere student på NMH gir heldigvis tilgang til nesten alle slags instrumentalister, og nokon gongar går Olivia rett og slett opp i øveromskorridoren.

– Eg heimsøkjer femte etasje. Du har ein trompet, kan eg spørje deg om noko?

Ho påpeikar korleis sinfoniettabesetninga ser ut som eit større ensemble i partituret enn det er i praksis:

– Og det er jo ikkje eit kammerensemble, dei er jo mange. Men heller ikkje eit symfoniorkester. Det er ikkje 14 fiolinistar, men éin.

Difor har ho prøvd å unngå at alle speler heile tida. Meir at nokon er framme og nokon andre er i bakgrunnen.

Eit eige rom

Ifølge Olivia kan publikum forvente ei anna lydverd enn dei er vann til på konserten.

– Eg liker å tenkje på det som eit eige rom der ein opnar døra og er der i åtte minutt. Der er det er heilt andre fargar og heilt anna lys. Og så går ein ut igjen.

Er det nokre spesielle komponistar du blir inspirert av?

– Da eg starta å komponere var eg veldig inspirert av spektralmusikken. No kikkar eg meir på komponistar som Jennifer Walshe, også handlar det jo alltid om å finne sin eigen veg, svarar ho etter litt tenketid. – Det er mest det å tore og lage store forteljingar. Det er også det Kate Bush gjer. Eg elskar Kate Bush.

Artikler relevante