Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Musikkhøgskolens sinfonietta

Musikkhøgskolens sinfonietta speler musikk av komposisjonsstudentar, Buckholt, Ligeti og Benjamin.

Program

  • György Ligeti (1923–2006): Melodien
  • Simon Røttingen (2000–): nøct (urframføring)
  • Olivia Køppe Christoffersen: The Largest Planet Is a Star That Failed (urframføring)
Pause
  • Carola Bauckholt (1959–): Treibstoff
  • George Benjamin (1960–): At First Light

Medverkande

  • Rolf Gupta (dirigent)
  • Musikkhøgskolens sinfonietta

Omtale

Simon Røttingen: nøct

Eit tema for dette stykket er linearitet, med strukturelt temporale kvalitetar, og stasis med strukturelt romlege kvalitetar. Ei linje kan følgjast. Ei stille linje, ei fokusert linje, ei broten linje, ei sur linje, ei einsam linje, ei forstørra linje, ei dramatisk linje.

Simon seier om verket:

– Eg planla ikkje å skrive musikk om «natta», ein «nøctyrne». Likevel har dette poetiske biletet, og inspirasjon frå den romantiske forma «karakter-stykke», opna moglegheita for å setje materiale eg allereie jobba med i eit nytt lys. Er natta konsentrert eller avslappa? Er natta høglydt eller stille? Er natta aktiv eller statisk?

Olivia Køppe Christoffersen: The Largest Planet Is a Star That Failed

«Had Jupiter been several dozen times more massive, the matter in its interior would have undergone thermonuclear reactions, and Jupiter would have begun to shine by its own light. The largest planet is a star that failed.» (Carl Sagan, Cosmos, 1980)

Solsystemets største og eldste planet, gasskjempen Jupiter, har ei masse 2,5 gongar større enn alle dei andre planetane i solsystemet til saman. Som sola er Jupiter hovudsakleg bygd opp av helium og hydrogen, og han har inga fast overflate. I staden består planeten primært av kvervlande gass og væske. Kring planeten roterer hundrevis av månar, der dei fire største (Ganymede, Callisto, Io og Europa) blei oppdaga i 1610 av Galileo Galilei. Jupiter sin kjerne er stadig eit mysterium. Er det ei massiv kule av stein, metall og is? Eller finst det ingen kjerne? Har han eksistert tidlegare, men er no erodert vekk?

I dette verket utforskar Olivia nokre av Jupiter sine kjenneteikn som musikalske element. Ein klangleg kjerne av metallinstrument, crotales og messingblåsarar blir omkransa av lag med luft og støy, som kvervlar ut og inn av kvarandre. Atypiske teknikkar og objekt blir nytta av fleire av musikarane for å skape nye klangar. Blant desse er fire skåler med roterande objekt fordelt ut i ensemblet.

Les meir om Olivias komposisjon og masterprosjekt her.

Les meir

Fleire konsertar

Publisert: 14. jun. 2024 — Oppdatert: 14. okt. 2024